Sviskegraut
Sviskegraut eller sviskekompott er ein dessertrett laga av svisker (tørka plommer). Han er ein norsk tradisjonsrett som er blitt nytta til selskap og nokre stader som julemat.[1]
I tillegg til svisker kan ein nytta vatn, saft, sukker og potetmjøl, og retten kan serverast med fløytemjølk, det vil seia mjølk blanda med fløyte.[2][1][3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Norsk tradisjonsmat», norsktradisjonsmat.no, henta 18. februar 2023
- ↑ TINE, «Sviskegrøt Med Fløtemelk - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 18. februar 2023
- ↑ NRK (19. mars 2015), «Bestemor sin sviskekompott», NRK (på norsk bokmål), henta 18. februar 2023