Dessert
Dessert (av fransk desservir, 'avdekkje' eller 'rydde bordet') er ein lett matrett som kan serverast ved slutten av eit hovudmåltid. Dessert er lett å eta og som oftast søt på smak, men kan også bestå av til dømes ost. Nokre vanlege typar dessert er frukt, kake, iskrem, pudding og liknande. Ein serverer gjerne dessert etter eit middagsmåltid, særleg ved finare høve.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dessert
Kjelder
endre- Dessert (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 8. august 2013.
- «dessert» i Nynorskordboka.