Svitjaz
Svitjaz (ukrainsk Сві́тязь) er den djupaste innsjøen i Ukraina med ei djupne på 58,4 meter på det meste. Han er den nest største innsjøen i landet og høyrer til Sjatskyjsjøane som ligg i Polissja (Volyn oblast) heilt nordvest i Ukraina, nær grensa til Polen og Kviterussland. Innsjøen er ein del av Sjatsk nasjonalpark (Sjatsk rajon, Volyn oblast). Midt i innsjøen ligg ei øy på sju hektar. Innsjøen dekkjer eit areal på 25,2 km², og har ei middeldjupne på 6,9 m. Sikta i vatnet er 8 meter. Innsjøen er 9,3 km lang og 8 km på det breiaste. Volumet er 180 millionar m³.
Svitjaz | |||
innsjø | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Stad | Sjatsk nasjonalpark, Sjatskyj rajon, Volyn oblast | ||
- koordinatar | 51°30′N 23°46′E / 51.500°N 23.767°E | ||
Lengd | 9,3 km | ||
Areal | 25,2 km² | ||
Volum | 180 000 000 m³ | ||
Øyar | 1 (7 ha) | ||
Svitjaz 51°29′49″N 23°50′20″E / 51.496944444444°N 23.838888888889°E | |||
Kart som viser Svitjaz.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Svitiaz |
Innsjøen vert varm om sommaren og det reine vatnet og den sandete botnen gjer at han er ein særs populær badeplass.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Svitiaz» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.