Belarus

land i Aust-Europa
(Omdirigert frå Kviterussland)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Belarus (fleirtyding).
Рэспу́бліка Белару́сь
Respublika Bjelarus

(norsk: Belarus, belarusisk)

Det belarusiske flagget Det belarusiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «My, bjelarusy»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Belarus
Offisielle språk Belarusisk og russisk
Hovudstad Minsk
Styresett
Republikk
Aljaksandar Lukasjenka
Raman Halowtsjanka
Flatevidd
 – Totalt
 
207 600 km² (85.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 549 747 (92.)
46 /km² (135.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Sovjetunionen
27. juli 1990
25. august 1991
Nasjonaldag 3. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
168 200 mill. USD (67.)
18 600 USD (71.)
Valuta Belarusisk rubel
Tidssone UTC +3
Telefonkode +375
Toppnivådomene .by


Belarus, òg kjent som Kviterussland på norsk (bela tyder kvit), er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Latvia i nord, Litauen i nordvest, Russland i aust, Polen i vest og til Ukraina i sør.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Belarusisk geografi.

Topografi endre

Belarus er omgitt av land, er relativt flatt og inneheld store område med myrlendt landskap, innsjøar og elvar. Det største myrområdet er Polesie, som er eit av dei største myrområda i Europa. Det finst 11 000 innsjøar og vatn i Belarus, men dei fleste er mindre 0,5 kvadratkilometer. Tre store elvar renn gjennom landet, Nemunas, Pripjat og Dnepr. Det høgaste punktet i Belarus er Dziarzjynskaja med 345 meter, og det lågaste punktet er Nemunas med 90 meter.

I lag med Polen deler Belarus Białowieżaskogen (Belaveskaja pusjtsja på belarusisk), som er restane av urskogen som ein gong dekte heile Det nordeuropeiske låglandet.

Klima endre

Belarus har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6 °C. Somrane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er om lag 18 °C. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.

Demografi endre

Folketalet er omtrent 10 millionar og er fordelt på 79 % belarusarar, 12% russarar, 4 % polakkar, 2 % ukrainarar og 1% jødar. Omtrentleg 80 % av folkesetnaden er ortodokse kristne.

Historie endre

800-talet var området busett av stammar med baltisk og slavisk avstamming og desse vart seinare ein del av Kievriket. Da Kievriket vart oppløyst vart seinare området ein del av Litauen og deretter Polen-Litauen. I 1795 vart Belarus ein del av tsarveldet i Russland. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Belarus sjølvstendig i ein kort periode innan det vart ein del av Sovjetunionen. Belarus vart sjølvstendig i 1991 da Sovjetunionen vart oppløyst. Etter at Aljaksandar Lukasjenka vart president i 1994 har Belarus atter vendt seg mot Russland. Lukasjenka har innført eit autoritært styre, med undertrykking av opposisjonen. Det har nesten ikkje blitt gjennomført økonomiske reformer, og den belarusiske økonomien er totalt avhengig av billig gass frå Russland.

Politikk endre

Belarus er ein republikk styrt av ein president og har ei nasjonalforsamling med to kammer. Nasjonalforsamlinga blir vald kvart fjerde år. Til det øvre kammeret vel dei regionale styresmaktene 56 representantar, medan presidenten utnemner dei siste åtte. I det lågare kammeret blir alle dei 110 representantane valde av folket. Alle belarusarar som har fylt 18 år har røysterett. Ifølgje Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har ikkje dei siste vala i Belarus tilfredsstilt internasjonal standard, og landet blir i Vesten ofte karakterisert som det siste diktaturet i Europa.

Administrativ inndeling endre

Voblastar endre

Belarus er inndelt i seks voblastar.

Byar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Belarus