«Sweet Neo Con» er in song av The Rolling Stones frå albumet A Bigger Bang frå 2005.

Songen kom i fokus i media på grunn av tekstlinjer som:

« You call yourself a Christian; I think that you're a hypocrite; You say you are a patriot; I think that you're a crock of shit »

Vokalist Mick Jagger nekta først for at songteksten var retta mot George W. Bush, president i USA på den tida. I september 2005 vart Jagger intervjua av musikkmagasinet Rolling Stone, der han forklarte at han ikkje likte å snakke om andre land sine presidentval, men at det no etter valet var mogeleg for han å stadfeste kven songen var retta mot.

Songen er hovudsakleg skriven av Jagger med Jagger på vokal, munnspel, bass og gitar i lag med Richards på gitar og Charlie Watts på trommer.

Kjelder endre