George W. Bush
George Walker Bush (fødd 6. juli 1946) var presidenten i USA frå 2001 til 2009. Han var tidlegare guvernør i Texas, og er son av tidlegare president George Bush.
George Walker Bush | |
![]() | |
President i USA | |
Periode | 20. januar 2001-20. januar 2009 |
---|---|
Parti | Det republikanske partiet i USA |
Fødd | 6. juli 1946 i New Haven i Connecticut |
Fødestad | New Haven |
Mor | Barbara Bush |
Far | George H.W. Bush |
Ektefelle | Laura Bush |
Barn | Jenna og Barbara Bush |
Medlem | American Legion |
Føregangar | Bill Clinton |
Etterfølgjar | Barack Obama |
Bush vart fødd i Connecticut, men voks opp i Texas. Han vart etter eit særs jamt val utpeika som president i 2001. Høgsterett i Sambandsstatane avgjorde at røystene i nokre valkrinsar i Florida ikkje skulle teljast om. George Bush var den andre USA-amerikanske presidenten gjennom tidene som var son av ein tidlegare president.
Som president har han mellom anna stått i spissen for USA sin invasjon av Afghanistan, støtta av NATO. Taliban-regimet vart skifta ut. Det vert arbeidd med å innføra eit demokratisk styresett.
Bush sette òg i gang ein invasjon av Irak for å fjerna Saddam Hussein. Invasjonen og okkupasjonen av Irak er mykje omstridd folkerettsleg og politisk.
I den folkelege opinionen i Europa vart George W. Bush rekna for å vera mellom dei minst populære presidentar USA hadde hatt. Han hadde trass i dette stor oppslutnad i USA i periodar, og han vann over utfordraren John Kerry i det amerikanske presidentvalet i 2004. Det var spesielt i sørstatane (som Alabama og Georgia), fjellstatane (som Idaho og Wyoming) og slettestatane (som Nebraska og Kansas) at Bush vann. I nordaust, der det demokratiske partiet tradisjonelt står sterkt, vann ikkje Bush ein einaste stat i 2004. Utover i den andre presidentperioden hans vart han mindre og mindre populær, også blant innbyggjarane i USA.
George W. Bush har gjeve namn til den såkalla Bush-doktrinen i amerikansk utanriks- og tryggingspolitikk.
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelder Endra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |