Sydney McLaughlin-Levrone

Sydney Michelle McLaughlin-Levrone (fødd 7. august 1999) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Dunellen i New Jersey som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2021 og 2024, og verdsmeister i 2022. Ho har fem gongar forbetra verdsrekorden i øvinga, sist til 50,37 sekund under Sommar-OL 2024 i Paris. I tillegg til hekkemedaljane vann ho VM-gull 2019 og 2022, samt OL-gull 2021 og 2024 i 4 x 400 meter stafett med USA sine mannskap.

Sydney McLaughlin-Levrone


Statsborgarskap USA
Fødd 7. august 1999 (25 år)
New Brunswick
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter hekk kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner, 2021 athletics at the Summer Olympics – women's 4 × 400 metres relay, 2021 athletics at the Summer Olympics – women's 400 metres hurdles, VM i friidrett 2022 – 4 × 400 meter stafett kvinner, VM i friidrett 2022 – 400 meter hekk kvinner, 2019 World Championships in Athletics – women's 4 × 400 metres relay, VM i friidrett 2019 – 400 meter hekk kvinner, 2015 World Youth Championships in Athletics – girls' 400 metres hurdles, 2019 Weltklasse Zürich – women's 400 metres hurdles, 2019 Herculis – women's 400 metres hurdles, 2019 Bislett Games – women's 400 metres hurdles, 2022 USA Outdoor Track and Field Championships – women's 400 metres hurdles, 2020 United States Olympic Trials – women's 400 metres hurdles, 2018 NCAA Division I Outdoor Track and Field Championships – women's 400 metres hurdles

Aktiv

endre

Knapt 17 år gammal fekk McLaughlin-Levrone billett til Sommar-OL 2016 etter å ha vorte klokka i mål på tida 54,15 sekund på langhekken. Året etter flytta ho den personlege rekorden til 53,82, deretter tok ho i 2018 steget opp i øvste verdseliten med 52,75 sekund som best. Under VM i friidrett 2019 sprang ho i mål til sølvmedalje på 52,23, slått av landskvinna Dalilah Muhammad som sette verdsrekord med tida 52,16. To dagar seinare deltok dei begge på USA sitt vinnarlag i 4 x 400 m stafett.

27. juni 2021 i Eugene sette McLaughlin-Levrone ny verdsrekord i 400 meter hekk med tida 51,90. Den 4. august forbetra ho rekorden til 51,46 sekund då ho sigra i OL-finalen i Tokyo. Sommaren 2022 forbetra ho verdsrekorden til 51,41 den 25. juni og til 50,68 den 22. juli, begge gongane på friidrettsstadion i Eugene, fyrste gongen i USA-sitt VM-uttak og siste gongen i sjølve VM-finalen. To år seinare forsvarte ho den olympiske meistertittelen på langhekken og flytta verdsrekorden til 50,37 sekund, halvtanna sekund fortare enn sølvvinnaren si tid.

McLaughlin-Levrone sprang startetappen for USA sitt gullmannskap i 4 x 400 m stafett ved Sommar-OL i 2021. Eitt år seinare var ho ankerkvinne for eit elles heilt nytt gullmannskap på den lange stafetten ved VM i Eugene. Under Sommar-OL 2024 fekk ho eit nytt stafett-gull, då sprang den andre etappen for dei USA-amerikanske kvinnene. Hennar personlege rekord på 400 meter frå 2023 er 48,74 sekund.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (56,22= nr 17)
  • VM 2019 i Doha: Sølvmedalje på 400 m hekk – 52,23, bak Dalilah Muhammad (52,16). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
  • OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 400 m hekk – 51,46, framom Dalilah Muhammad (51,58). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
  • VM 2022 i Eugene: Gullmedalje på 400 m hekk – 50,68, framom Femke Bol (52,27). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
  • OL 2024 i Paris: Gullmedalje på 400 m hekk – 50,37, framom Anna Cockrell (51,87). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett

Kjelder

endre