Syltesukker
Syltesukker er ein sukkersort med spesielt store og likeforma sukkerkrystallar. Det eignar seg godt til å koke syltetøy og gele av frukt og bær. Dei store krystallane løyser seg langt seinare opp enn dei ein finn i vanleg hushaldningssukker.[1] Av den grunn er der mindre risiko for at sukkeret skal brenne seg fast i pannebotnen, eller at det skal danne seg karamellklumpar. Dessutan vert det mindre skum under kokinga.
Syltesukker kan vera reint sukker utan andre tilsettingsstoff.[1] Det finst også syltesukker med tilsett pektin[2] om ein skal sylta råvarer med lågt pektininnhald, og middel som gjev større haldbarheit, som kaliumsorbat.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Sugar: Sweeten The Deal», Baking Business (på engelsk), 1. februar 2015, henta 23. november 2023
- ↑ «Syltesukker», www.dansukker.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2023
- ↑ Madsen, Holger Rørby (29. juli 2022), «Hvad er syltesukker? Fakta og anvendelse», Madens Verden (på dansk), henta 23. november 2023
- Denne artikkelen bygger på «Syltesukker» frå Wikipedia på bokmål, den 25. februar 2016.