Skum er ei konsentrert fordeling av gassfylte bobler i eit flytande eller fast medium. Ein skil mellom kuleskum, der boblene stort sett er fråskilde og har kuleform, og polyederskum, der boblene ligg tettpakka, berre skilt av ei tynn, nesten plan hinne slik at dei får form av polyeder (mangekantar). Som regel reknar ein skum der gassvolumet utgjer mindre enn 74 % av det totale skumvolumet som kuleskum.

Skumbobler skapt av såpe.

Skum har stor overflate, og denne representerer potensiell energi (overflateenergi), som systemet vil kvitte seg med. Skum i væsker er difor alltid lite og skumdanning blir vanskelegare jo større overflatespenninga er. Middel som reduserer overflatespenninga, t.d. såpe, verkar samstundes skumdannande.

Kjelder endre

  • «Skum» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 2. november 2013.