Sylvanie Burton
Sylvanie Burton (fødd 1956) er ein dominikisk politikar som frå 2. oktober 2023 er president i den karibiske øystaten Dominica etter at ho fekk 20 av 25 røyster i det indirekte presidentvalet i september 2023. Ho er den fyrste kvinnelege presidenten i landet, og også den fyrste som tilhøyrer urbefolkninga karibarane.[1]
Sylvanie Burton | |||
Fødd | 1956 (60 år) Salybia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Dominica | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Saint-Francis-Xavier universitetet University of Manchester | ||
Alle verv |
Karriere
endreBurton har mastergrad i prosjektleiing frå University of Manchester og bachelorgrad i bygdeutvikling frå St. Francis Xavier University i Nova Scotia i Canada.[2] Ho har vore statssekretær i fleire departement sidan 2014.[3]
Presidentvalet i 2023
endreDen dominikiske presidenten blir vald i indirekte val for fem år. Ingen kan sitje meir enn to periodar, og den tidlegare presidenten Charles Savarin kunne difor ikkje stille til val på nytt. Burton representerer Dominica Labour Party (DLP) og blei nominert av statsminister Roosevelt Skerrit. Opposisjonen avslo å støtte Burton og nominerte Anette Sanford som sin kandidat. Burton blei vald med 20 mot 5 røyster.[4] Valet hende 27. september 2023 og innsetjinga var 2. oktober.[5]
Kjelder
endre- ↑ «[Press Release] Contending for Dominica on nomination of Sylvanie Burton for office of President». Dominica News Online. 1. september 2023.
- ↑ «Sylvanie Burton the first female President of the Commonwealth of Dominica – The first indigenous president» (på engelsk). London: NTL Incorporated. Henta 27. desember 2023.
- ↑ «Gov’t’s nominee Sylvanie Burton may soon make history as Dominica’s first female and indigenous president». Dominica News Online. 30. august 2023.
- ↑ «Dominica: Lack of support for first female head of state nominee». Loop Caribbean News. 12. september 2023.
- ↑ «Dominica elects first woman head of state». Loop News (på engelsk). Henta 27. september 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Sylvanie Burton» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2024.