Opna hovudmenyen
Symfoni nr. 15 i D-dur
H. I/15
Symfoni av Joseph Haydn
Sjanger Symfoni
Periode Klassisismen
Komponert Mellom 1760 og 1763
Typisk lengd 19:40
Satsar 4

Symfoni nr. 15 i D-dur av Joseph Haydn, Hoboken I/15, kan ha vorte skriven mellom 1760 og 1763.[1]

Han er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo, med ein solo for to bratsjar eller cello i trioen i menuetten.[2] Denne symfonien har fire satsar:

  1. Adagio, 3/4 - Presto, 4/4 - Adagio, 3/4
  2. Menuet e Trio, med trioen i G-dur, begge 3/4
  3. Andante i G-dur, 2/4
  4. Presto, 3/8

Opningssatsen har to adagiostykke rundt ein sentral Presto, på liknande vis som er gjort i den sjette symfonien hans.[3]

Dette verket er ein av få symfoniar i klassisismen der menuetten er plassert som andre sats. G-dur-trioen vart truleg spelt som ein kvintett der ein fokuserte på ein dialog mellom fiolin I/fiolin II og bratsj/cello spelt over ein bass.[3]

KjelderEndra

  1. H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 637
  2. Landon (1955): 637.
  3. 3,0 3,1 Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 77-78 (2002).