Symfoni nr. 6 av Haydn

Symfoni nr. 6 i D-dur (Hoboken 1/6) er ein tidleg symfoni skriven av Joseph Haydn og den første han skreiv etter han vart tilsett i hoffet til Esterházy. Det er den første av tre som er kjenneteikna av uvanleg virtuositet for heile orkesteret. Han vert populært kalla Le matin (Morgon).

Symfoni nr. 6 i D-dur
H. 1/6
Symfoni av Joseph Haydn
SjangerSymfoni
PeriodeKlassisismen
Komponert1761
Typisk lengd21:24
Satsar/akter4
ToneartD-dur
Esterházy-palasset i Wien, der denne symfonien hadde premiere.

Bakgrunn og instrumentering endre

Haydn skreiv denne, den første symfonien hans for den nye arbeidsgjevaren prins Nikolaus Eszterházy, våren 1761, kort tid etter han vart tilsett i hoffet. Familien Eszterházy hadde eit glimrande kammerorkester og med det første bidraget for dei i symfonisjangeren, utnytta Haydn talenta deira til det fulle. Haydn brukte her bevisst den kjende tradisjonen frå concerto grosso, som ein finn døme frå i verka til Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og Tomaso Albinoni som då var på moten i hoff rundt om i Europa. Alle tre symfoniane (no. 6, 7 og 8) har lange solopassasjar for blåsarar, horn og strykarar, inkludert sjeldne soloar for kontrabass og fagott i den tredje satsen. Verket er instrumentert for fløyte, 2 oboar, fagott, 2 horn i D, fiolin I, fiolin II, bratsj, cello, kontrabass og cembalo ad libitum.[1]

Det er ofte indikert at motivasjonen til Haydn var å glede både den nye arbeidsgjevaren (ved å lage ein referanse til ein kjend og populær tradisjon) og, kanskje viktigare, glede musikarane som han trengde velvilje hos.[2] Typisk for denne perioden var at musikarar som framførte utfordrande soloparti eller viste uvanleg virtuositet, fekk prispengar for dette. Ved å la alle musikarane få syne virtuositeten sin, spreidde han bokstavleg talt rikdomen.

Kallenamn (Le matin) endre

Kallenamnet på symfonien, som ikkje vart laga av Haydn, kjem av den langsame introduksjonen i opningssatsen, som skal førestille ein soloppgang. Resten av verket er abstrakt, som dei andre symfoniane i serien. Sidan den første satsen i denne symfonien gav desse assosiasjonane vart derimot dei to andre raskt kalla «middag» og «kveld».[3]

Satsar endre

  1. Adagio, 4/4 - Allegro, 3/4
  2. Adagio, 4/4 - Andante, 3/4 - Adagio, 4/4
  3. Menuett e Trio, 3/4
  4. Finale: Allegro, 2/4

Kjelder endre

  1. score for Symfoni nr.6 Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine. på den tyske sida Haydn100&7 Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine..
  2. D. McCaldin, Haydn Well Served i The Musical Times, Vol. 132, No. 1783 (Sep., 1991), s. 448
  3. For information on this symphony generally og for further details, consult H.C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. (London: Universal Edition. and Rockliff, 1955)