Syndebukk var opphavleg ein sauebukk jaga ut i audemarka under den jødiske forsoningsdagen, jom kippur.[1] Han skulle vera eit sonoffer for syndene til israelittane. I overført tyding blir det brukt om nokon som får skulda for feil eller manglar.[2]

«Syndebukken» (The Scapegoat) måla av William Holman Hunt i 1854

Jødisk skikk endre

 
«Syndebukken blir send ut» av William James Webb (1830—1904) illustrerer syndebukkrituralet skildra i Tredje Mosebok i Bibelen.

Omgrepet er først nemnd i Tredje mosebok i Bibelen:

Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.[3]
[...]
Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken, leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen. Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.[4]

Hensikta med dette symbolske ritualet var å fjerna all synd frå landet ein gong i året. Ritualet opphøyrde då tempelet i Jerusalem blei brend av romarane i år 70.

Kjelder endre

  1. Groth, Bente (4. juni 2017). «syndebukk». Store norske leksikon. 
  2. «syndebukk» i Nynorskordboka.
  3. Tredje Mosebok 16:8-10 (Bibelen 2011) ved bibel.no
  4. Mosebok 16:20-22 (Bibelen 2011) ved bibel.no