Ein synkronmotor er ein elektrisk vekselstraummotor der rotoren er permanent magnetisert (ev. har likestraumsmagnetisering). Ved stasjonær drift får motoren då same omdreiingsfart som det magnetiske dreiefeltet frå vekselstraumen i stator-viklingane. Med andre ord går motoren synkront (i takt) med vekselstraumen. Det er ikkje mogleg å driva ein synkronmotor direkte frå likespenning. Ein asynkronmotor er derimot ein motor som har tap i motoren slik at farten minkar litt.

Synkronmotorar krev sleperingar og børstar for å levera spenning til rotoreksitasjonen. Asynkronmotorer treng ikkje børstar eller sleperingar, men nokr har det til bruk av mjukstart og kontrollering av farten. Der ein synkronmotor krev rotorviklingar kan ein asynkronmotor bruka korstlutningsbur eller såkålla «ekorn-bur». Ein synkronmotor kan også monterast med permanente magnetar i rotoren som gjer at ein kan fjerna sleperingane, rotorviklingane, likespenningsmagnetiserings ystemet og effektreguleringa.

Ein synkronmotor krev ein startmekanisme til han har nådd synkron fart. Ein trefasa asynkronmotor startar ved å berre tilføra straum, men ein einfasa asynkronmotor treng også ein startmekanisme. På ein synkronmotor kan ein justera spenninga, medan på ein asynkronmotor må spenninga vera den same for at motoren skal gå. Generelt er ein synkronmotor meir effefktiv enn ein asynkronmotor.

Vanlegvis byggjer ein ikkje synkrone motorar på mindre enn 750 kW pga kostnadene og den kompliserte oppbygginga, men permanente magnet- og elektrisk styrte permanente synkronmotorar er tilgjengelege i mindre storleikar.

Kjelde endre

Innleiinga er henta frå bokmålswikipedia: Synkronmotor, 25. september 2012.