Synne Vo

norsk songar

Synne Vorkinn (fødd i 1998), kjend som Synne Vo, er ein norsk songar og låtskrivar frå Lesja i Innlandet.[1]

Synne Vo
Fødd1998 (26 år)
FødestadOppland fylke
FødenamnSynne Vorkinn
OpphavNoreg
Aktiv2018–
Sjangerpop
PlateselskapWarner Music Norway
Verka somsongar, låtskrivar

Ho er signert på plateselskapet Warner Music Norway.

Karriere endre

Vorkinn står bak låta «Gonna Be Alright» som var hovedlåta til spelefilmen Børning 3.[2] For denne låta fekk ho ein nominasjon til musikkforleggarprisen i 2021[3]

I 2021 vart Vorkinn nominert til årets nykommar på P3 Gull. Ho er låtskrivar på låta «Smilet i ditt eget speil» av Chris Holsten, som vann Spellemannprisen i kategorien årets låt, og to prisar på musikkforleggarprisen 2022: årets verk – populærmusikk og årets mest spela låt.[4][5] Vorkinn vart òg nominert til årets gjennombrot på musikkforleggarprisen 2022 .[6] Under P3 Gull i 2022 vart ho nominert i klassa årets artist.[7]

Diskografi endre

Songar endre

  • 2018: «Lær meg å leve»
  • 2020: «Ikkje tenk på meg»
  • 2020: «Gonna Be Alright»
  • 2021: «Ett Minutt»
  • 2021: «De e OK um du glømme me»
  • 2021: «Seksten»
  • 2021: «Spagetti for to»
  • 2022: «Heime»
  • 2022: «Lykke te»
  • 2022: «st.hanshaugen»
  • 2022: «desember»

Låtskrivar endre

  • 2021: Chris Holsten – «Smilet i ditt eget speil»
  • 2021: Audien – «Wish It Was You»

Prisar og nominasjonar endre

Pris Kategori For Resultat
P3 Gull 2021 Årets nykommar N/A Nominert
Spellemannprisen 2021 Årets låt «Smilet i ditt eget speil»
Utgjeve av Chris Holsten
Vinnar
Musikkforleggarprisen 2022[8] Årets mest spilte låt Vinnar
Årets verk – populærmusikk Vinnar
Årets gjennombrot – populærmusikk N/A Nominert
P3 Gull 2022 Årets artist N/A Nominert

Kjelder endre

  1. Lorenz, Ferdinand Wagner (24. mars 2022). «Skamløs pop fra Gudbrandsdalen» (på norsk). Henta 24. oktober 2022. 
  2. «Synne Vo står bak hovedlåten til filmsuksessen Børning 3!» (på norsk). Henta 7. februar 2022. 
  3. «Musikkforleggerprisen» (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. februar 2022. Henta 7. februar 2022. 
  4. Børrestuen, NTB , Espen (22. april 2022). «Vant prisen for Årets låt: – Jeg blir satt ut» (på norsk). Henta 25. april 2022. 
  5. Musikkforleggerforening, Norsk. «Musikkforleggerprisen» (på norsk). Arkivert frå originalen 7. april 2022. Henta 25. april 2022. 
  6. Musikkforleggerforening, Norsk. «De nominerte til Musikkforleggerprisen 2022 er klare!» (på norsk). Henta 25. april 2022. 
  7. «Slik blir årets «P3 Gull»». 15. november 2022. Henta 25. november 2022. 
  8. «De nominerte til Musikkforleggerprisen 2022 er klare!». Musikkforleggerne.no. 6. april 2022. Henta 25. april 2022.