Syntetisme er namnet på ei stilretning i målarkunsten som kring 1890 vart praktisert av dei franske målarane Paul Gauguin, Émile Bernard og andre som var aktive i landsbyen Pont-Aven i Bretagne. Bileta deira er kjenneteikna av store, reine fargeflater, omgjevne av svarte, markerte konturar.

Paul Gauguin: Synet etter preika (Jakobs kamp med engelen), 1888
Émile Bernard: Tilgjevinga i Pont-Aven, 1888

Ved Verdsutstillinga 1889 samla Pont-Aven-kunstnarane seg om ei utstilling med tittelen Synthétisme. To år seinare vart danna ei kunstnargruppe beståande av Gauguin, Bernard, Charles Laval og Louis Anquetin. Gruppa rundt Gauguin meinte at ein kunstnar bør lage ei syntese av inntrykka sine og heller måle or minnet enn å gje ei direkte avbilding. Målarane søkte å samanfatte tre eigenskapar eller trekk; den ytre framtoninga av naturlege former, målaren sine kjensler overfor gjenstanden, samt reine, estetiske val av linjer, fargar og former. Også Paul Sérusier og Cuno Amiet vert rekna til dei sentrale syntetistiske målarane.

I Sverige danna dei tre målarane Nils Kreuger, Karl Nordström og Richard Bergh ei gruppe som vart kalla Varbergsskolan og som var sterkt påverka av syntetismen.

Kjelder endre