Karl Nordström

Karl Fredrik Nordström (11. juli 185516. august 1923) var ein svensk målar, særleg kjend som landskapsmålar. Han var leiar for Konstnärsförbundet 1896-1920 og var på 1890-talet aktiv i den såkalla Varbergsskolan.

Karl Nordström
235px
Fødd 11. juli 1855
Tjörn, Stenkyrka församling, Göteborgs stift
Død

16. august 1923
Drottningholms slott, Lovö församling

Yrke kunstmålar

Liv og gjerningEndra

 
Granngårdarna i Appelvik, 1894
 
Kyrkesund, 1911
 
Regnbågen, 1899

Nordström var fødd og oppvaksen på øya Tjörn i Västra Götaland. Som 20-åring reiste han til Stockholm for å studere ved Konstakademien, der han mellom andre vart instruert av Edvard Perséus. Mellom 1880 og -82 studerte han på ulike stader i Frankrike, der han særleg orienterte seg impresjonistisk målarkunst.

I 1886 gifta han seg med kunstnaren Tekla Lindeström. Saman med mellom andre Carl Larsson, arbeidde ekteparet i den svenska kunstnarkolonien i Grez-sur-Loing ved Paris. Nordström budde så i Tjörn og fleire andre stader i Sverige. Somrane 1893-95 heldt han til i bygda Appelvik sør om Varberg, saman med Nils Kreuger og Richard Bergh. Desse målarane danna den såkalla Varbergsskolan. Nordström måla i desse åra verk som Varbergs fäste, Skymningsmotiv från Varberg, Natt, Granngårdarna i Appelvik, Solglitter på havet og Borreberg på Tjörn.

Nordström var mellom grunnleggjarane og ein av dei leiande i Konstnärsförbundet, styreleiar 1896-1920. Han var også lærar på Konstnärsförbundets målarskola i byrjinga av 1900-talet, med mellom andre Tor Bjurström til elev.

Nordström var ein nær ven av August Strindberg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Karl Nordström