Tåresjøen (av latin lacus lacrimalis) er ein hop med tårer i den nedre omslagsfalden av konjunktivalhòla, inst i den mediale (indre) augevinkelen, som blir tømd ut gjennom tårepunkta.[1][2] Den har normalt eit volum på 7-10 µL,[2] men kan halde oppimot 25-30 µL før den byrjar å breste. Aldring plar medføra slakare augelok, og dimed større kapasitet for væske.

Framsida av venstre auga med åtskilde augelok. Tårekarunkelen (Caruncula) er synleg til venstre. Tåresjøen ligg omkring denne, men er ikkje synleg.

Ordet 'tåresjø' kan også vise til sjølve området der tårene hopar seg opp. Området er triangulært, og er ei forlenging av det øvre og nedre augeloket, inst i den mediale augevinkelen, kringom tårekarunkelen.

Kjelder endre

  1. Cassin, B.; Solomon, S. (1990). Dictionary of Eye Terminology. Gainesville, Florida: Triad Publishing Company. 
  2. 2,0 2,1 «Lacrimal lake - Lacus lacrimalis». IMAIOS. Henta 20. mars 2016.