Denne artikkelen handlar om fjorden i Noreg. For vika i Antarktis, sjå Tønsberg Cove.

Tønsbergfjorden er ein fjord som strekkjer seg i retninga nord-sør mellom øyane Tjøme og Nøtterøy i Færder kommune i aust og Sandefjord kommune i vest frå Ytre Oslofjord i sør mot Tønsberg i nord. Fjorden er om lag 25 km lang og er den lengste fjorden i Vestfold etter Oslofjorden. Han er merka som seglingslei for kystfarten, og har samband til Oslofjorden gjennom Vrengensundet og Kanalen i Tønsberg. Innseglinga til Tønsbergfjorden er markert av Tønsberg tønne, sørlegast og ytst på Østerøya i Sandefjord kommune på vestsida og Verdens Ende i Tjøme på austsida. Det ligg fleire kjende øyar i Tønsbergfjorden: Hudø eller Hui, Veierland og Håøya er dei mest kjende. Der fjorden deler seg i to av Veierland heiter den austlege delen Tjømekjæla og den vestlege delen Vestkjæla.

Tønsbergfjorden vest for Veierland. Stauper

Ytst i fjorden ligg to større friområdefor fritidsflåten, Stauper i Sandefjord kommune, og Lindholmen i Tjøme.

Delen av Tønsbergfjorden som ligg vest for Nøtterøy vert òg kalla Vestfjorden og den inste delen av fjorden, mellom Kanalen i Tønsberg, Tønsberghus og Jarlsberg travbane heiter Byfjorden.

Av større bukter og sidearmar i Tønsbergfjorden finn ein Melsombukta, Lahellefjorden, Barkevika, Bergekilen, Trubervika, Strandvika, Ertsvika

Kjelder endre

59°14′32.500″N 10°22′53.015″E / 59.24236111°N 10.38139306°E / 59.24236111; 10.38139306