67°24′25″N 15°37′52″E / 67.40694°N 15.63111°E / 67.40694; 15.63111

Trengselsund bru ved Tørrfjorden

Tørrfjorden er ein fjord i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til Andkilen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Tørrfjordskjeret i nord og Langvikneset i sør. Om lag halvvegs inn i fjorden deler han seg i to. Den eine delen går nordaustover til Trengselsundet og held fram på andre sida som Nordfjorden. Den andre delen går søraustover som Tørrfjordelva, ein smal og svingete fjordarm som endar opp ved Andkilen.

E6 går langs nordsida og dei indre delane av fjorden. E6 kryssar fjorden to gonger, eine gongen over Tørrfjordelva, og den andre gongen over Trengselsund bru.