59°55′10.182″N 10°46′44.339″E / 59.91949500°N 10.77898306°E / 59.91949500; 10.77898306

Tøyenbadet
Foto: C. Hill, 2013

Tøyenbadet er er ein kommunal symjehall som ligg fritt til på eit platå i TøyenparkenTøyen i Oslo. Gateadressa er Helgesens gate 90, det vil seie at Tøyenbadet ligg heilt i austre enden av denne lange gata, som byrjar vest på Grünerløkka.

Tøyenbadet er den største symjehallen i byen, bygd i 1976 med Byggedirektøren i Oslo kommune v/G. W. Thuesen som arkitekt. Det er to basseng innandørs, det minste på 12,5 meter, det største på 50 meter, og to friluftsbasseng på 22 og 11 meter som er opne i sommarsesongen. Både inne og ute er det stupetårn med høgder på ein, tre og fem meter i samband med det store bassenget. Dessutan er det ei vass-sklie, som det kostar ekstra å nytte.

Symjehallen vart gjennomgripande utbetra i 2007-2008 på grunn av lekkasjar. Då hadde utebassenget vore ute av drift fleire somrar på rad. Nye lekkasjar gjorde at badet var stengt i fleire periodar frå 2009 til 2012.

Tøyenbadet med utandørsområdet skal no utbyggjast til ein meir moderne og allsidig symje- og vassleikehall. Byrådet har lagt opp til planlegging av eit 50x25 meter hovudbasseng, stupebasseng, varmtvassbasseng og to barnebasseng med badeland-element inne i hallen, og med symjebasseng og plaskebasseng utandørs som i dag, eventuelt meire.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre