Terabyte

(Omdirigert frå TB)

Terabyte (utt. TER(r)abajt, forkorta TB) er ei måleeining for datamengder. Ein terabyte er 1 024 • 1 024 • 1 024 • 1 024 = 1 099 511 627 776 byte, eller 1 024 gigabyte. 10 terabyte ville vera nok til å lagra alle tekstane i verdas største bibliotek.

Tebibyte eller terabyte?

endre

IKT-verda bruker prefiksa kilo-, mega-, giga- og tera- annleis enn SI. Dette skapar iblant forvirring. Difor har ordet tebibyte blitt foreslått som nytt namn på terabyte, for å gjera prefikset tera- eintydig att (éin terabyte vil då verta 1 000 000 000 000 byte), men dette har ikkje blitt mykje brukt i praksis.

Sjå òg

endre