Tabriz er ein by i nordlege Iran, hovudstad i provinsen Aust-Aserbajdsjan. Byen har 1,6 millionar ibuarar og ligg 1360 meter over havet, 60 km aust om Urmiasjøen. Klimaet varier mykje. Tabriz har vore hovudstad under ulike herskardynasti i Persia.

Bybilete frå Tabriz

Området er svært utsett for jordskjelv. Delar av byen er gjenoppbygt fleire gongar, så det finst få eldgamle bygningar bevart. Den blå moskeen, bygt i 1450, er eitt av få historiske byggverk som framleis finst.

Næringsliv endre

Tabriz er eit viktig industrisenter og knutepunkt for samferdsla nord i Iran. Nokre av dei største industriområda for maskin- og sementproduksjon ligg her. Byen er elles kjent for å vere eit senter i framstillinga av tradisjonelt handverk, særleg teppe, bomulls-, ull- og lervarer. Sidan 1946 har byen hatt eige universitet.

Soge endre

Tabriz vert datert tilbake til Sasanideriket på 200-talet. Sidan vart byen øydelagt av eit jordskjelv og oppattbgt av det muslimske kalifatet på 700-talet. Frå slutten av 1300-åra og tidleg 1400-tal hadde byen sin stordomstid som hovudstad i den sørvestlege delen av Mongolriket, Ilkhanatet. Tabriz var også hovedstad under det tyrkiske stamme-dynastiet Kara Koyunlu (1375–1468) og dei fyrste åra av Safavide-dynastiet (1501–1736). Den strategiske plasseringa for transportlinjene i regionen har ført til at byen har vorte hærteken under krigar også i nyare tid. Til dømes okkuperte russiske/sovjetiske styrkar Tabriz under begge verdskrigane.

Kjelder endre