Aust-Aserbajdsjan
Aust-Aserbajdsjan (farsi استان آذربایجان شرقی, Ostān-e Āzarbāijān-e Sharqi ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan, ved grensa til Armenia, Aserbajdsjan, Ardabil-provinsen, Vest-Aserbajdsjan og Zanjan-provinsen. Hovudstaden i Aust-Aserbajdsjan er Tabriz og provinsen ligg i region 3 i Iran.[4]
Aust-Aserbajdsjan | |||
آذربایجان شرقی | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 3 | ||
Fylke | 21 | ||
Hovudstad | Tabriz | ||
Areal | 45 650 km² | ||
Folketal | 3 909 652 (2016)[1] | ||
Aust-Aserbajdsjan 38°04′36″N 46°16′48″E / 38.0766°N 46.28°E | |||
Wikimedia Commons: East Azerbaijan Province |
Geografi
endreProvinsen dekkjer eit areal på kring 47 830 km² og har kring fire millionar innbyggjarar. Provinsen deler grense med republikken Aserbajdsjan, Armenia og Nakhitsjevan i nord, Vest-Aserbajdsjan i vest, Zanjan i sør og Ardabil i aust. Eit fint nettverk av vegar og jernbanar knyter Aust-Aserbajdsjan til andre delar av Iran og nabofylka.
Det høgaste punktet i Aust-Aserbajdsjan er den vulkanske fjelltoppen Sahand på 3 707 moh, sør for Tabriz, meadn dei lågareliggande områda er kring Garmadooz (Ahar). Åsane og fjella i provinsen er delte inn i tre kjeder: Qara Daq, Sahand og Bozqoosh, og Qaflan Kooh.
Klimaet i Aust-Aserbajdsjan er eit kontinental middelhavsklima blanda med eit kaldt, halvtørt lima. Ein svak vind frå Kaspihavet har noko påverknad på klimaet i lågareliggande område.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «East Azerbaijan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions) (1 Tir 1393, Jalaali)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.