Tahmasp II av Persia
Tahmasp II (ca. 1704–1740) var ein av dei siste safavide-herskarane av Persia (Iran). Tahmasp var son av Husayn av safavidane, sjahen i Iran på den tida. Då Husayn vart tvungen til å abdisere av afghanarane i 1722, ønskte prins Tahmasp å ta over trona. Han flykta til Tabriz der han oppretta eit styre. Han fekk støtte av sunni-muslimar i Kaukasus, i tillegg til fleire Qizilbash-folk (inkluder afsharane, under kontroll av den framtidige iranske herskaren, Nader Shah). Tahmasp vart etter kvart anerkjent av både Det osmanske riket og Russland, som begge var redde for at kvar andre skulle få for mykje innverknad i Iran. Sjølv mughal-vesiren Asaf Jah I er kjend for å ha støtta Tahmasp II i keisarhoffet til keisaren Muhammed Shah.
Tahmasp II av Persia | |||
| |||
Sjahansjah av Persia | |||
Regjeringstid | 1729–1732 | ||
---|---|---|---|
Titlar | Sahib-i-Qiran, Sultan bar Salatin[1] | ||
Fødd | 1704 | ||
Fødestad | Isfahan | ||
Død | 1740 | ||
Dødsstad | Sabzevar | ||
Føregangar | Ashraf Khan | ||
Etterfølgjar | Abbas III | ||
Kongehus | Safavi | ||
Dynasti | safavidane | ||
Far | Sultan Husayn | ||
Born | Abbas III |
I 1729 hadde Tahmasp mista kontroll over det meste av landet. Han vart avsett av den framtidige Nader Shah i 1732 til fordel for sonen sin, Abbas III; begge vart drepne ved Sabzevar i 1740 av Nader Shah, den eldste sonen til Reza-qoli Mirza.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tahmasp II» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lawrence Lockhart, Nadir Shah (London, 1938)
- The Armenian Rebellion of the 1720s and the Threat of Genocidal Reprisal, Armen Ayvazyan, Yerevan 1997