Ei takke/takka, òg kalla bakstehelle og bakstehylle, er ei plate til å steike mat på. Takker kan brukast i lag med open eld, komfyrar og elektrisk straum, og er kjende frå store delar ar verda. Ein kan bruka dei til steiking med eller utan feitt.

Tradisjonell etiopisk-jødisk takke over eit bål.

Ei tradisjonell norsk takke er ei støypejernsplate med diameter 35-70 cm til å setje inn i gruva og fyre innunder med småved. Moderne takker er laga av aluminium eller stål. Dei er laga slik at ein anten kan setje takka på komfyren slik at ho får varme frå platene, eller dei har innebygd varmeelement.

I norsk mattradisjon bruker ein mellom anna takke til å steika flatbrød, potetkake, lefse og mjølkekaker.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre