Flatbrød er tynne leivar av brød steikt av ein usyra deig av mjøl og væske. Flatbrød er eit spesielt norsk produkt som elles berre finst i Nord-Sverige og Nord-Skottland.

Brødkorg med flatbrødleivar

Alle slag mjøl kan brukast til å laga flatbrød, men havre og bygg er vanlegast. Dette er ofte blanda med rug, potet eller ertemjøl. Væska er oftast vatn, men mjølk kan òg stundom brukast.

Flatbrød er kjent sidan slutten av 1000-talet. Det blei tradisjonelt bakt på gardane, før fabrikkproduksjon gradvis tok over på 1900-talet.

Bruk endre

Flatbrødet kan etast tørt saman med middagsmaten eller knusast og lagast til soll. I tradisjonelt norsk kosthald blir flatbrødet gjerne bruka som tilhøyr til middagen — til dømes saman med spekemat, kjøtsuppe eller saltfisk.

 
Flatbrødbaking. Måleri frå 1904 av Nico Jungman.

Tradisjonell baking endre

For å baka flatbrød kjevler ein deigen tynt ut og steiker han på takke. Tjukkleiken skal vera nokre millimeter og diameteren på dei runde leivane er typisk rundt 60 cm. Flatbrødutkjevling var inga enkel sak og gjorde bakstekjerringa populær og etterspurd.

Flatbrød vart bakt på gardane i samband med lefsebaksten. Oppskrifta kunne variere lokalt når det gjaldt tilhøvet mellom dei ulike mjølsortane, men det måtte vere ei viss mengd kveitemjøl i for å halde blandinga saman.

Lagring endre

Tradisjonelt vart dei lagra i stablar på stabbur eller loft. Det var haldbart i minst eit år, om ikkje lengre, og det vart ikkje så lett skjemt som mjøl kunne bli.

Dersom flatbrødet hadde trekt til seg fukt under lagring kunne det strøast opp eller skjerpast.

Industriell produksjon endre

Flatbrød vart frå tidleg på 1900-talet òg framstilt industrielt og selt pakkevis. Dette inneheld ofte litt meir grovfiber enn det heimebakte. Ein av dei kjente flatbrødfabrikkane i Noreg er Vestfold Flatbrødfabrikk som låg på stasjonsbyen Barkåker i Tønsberg. Eit av dei mest selde flatbrøda er Mors flatbrød frå Stabburet.

Liknande bakverk endre

Lefse endre

Lefse vart bakt og lagra på same viset som flatbrød, men i motsetnad til flatbrødet blir fukta like før bruk slik at det blir mjukt.

Ertebrød endre

På austlandet har òg ertebrød eller erterbrød bakt med ei tilsetjing av mjøl male av gule erter vore populært. Erterbrød blir produsert kommersielt av Holmen Crisp i Noreg.

Potetflatbrød endre

I potetflatbrødet er hovudingrediensen potet med litt mjøl.

Tunnbrød endre

Norske flatbrød inneheld i utgangspunktet ikkje gjær eller bakepulver — i motsetnad til dei fleste variantane av svenske tunnbröd.

Knekkebrød endre

Knekkebrød er grovare og tjukkare enn flatbrød. Svenske og finske fabrikantar leverer mange variantar av desse, men ein kan framleis finne norsk flatbrød i butikkhyllene.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«flatbrød» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

Flatbrødmerke endre