Taldom (russisk Талдом) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 110 km nord for Moskva.

Taldom
Талдом
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Taldom Byåpenet til Taldom
Flagget til Taldom Byvåpenet til Taldom


Plassering
Taldom is located in Russland
Taldom is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1677
1918
Geografi
Flatevidd
 - By

7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

12 635
  1 805 /km²
Koordinatar 56°44′00″N 37°32′00″E / 56.73333°N 37.53333°E / 56.73333; 37.53333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141900
Retningsnummer (tlf) +7 49620

Busetnaden vart grunnlagd i 1677. I 1918 fekk staden bystatus og vart den første byen som vart omdøypt til Leninsk til ære for den første leiaren i Sovjetunionen, Vladimir Lenin (medan Lenin enno levde). I 1929 fekk byen derimot tilbake det opphavlege namnet sitt.

I nærleiken av Taldom ligg Taldom-sendaren, den kraftigaste kringkastingsstasjonen i verda. Det er ein langbølgjesendar på frekvensen 261 kHz med ein sendareffekt på 2 500 kilowatt. Sendarmasta er 275 meter høg. Programma til radiostasjonane Radio of Russland og Yunost vert sendt her frå.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.