Talkin' New York
Song av Bob Dylan
frå albumet Bob Dylan
Utgjeve 19. mars 1962
Innspelt November 1961
Sjanger Folk, talking blues
Lengd 3:20
Selskap Columbia/Capitol (USA)
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent John Hammond

Talkin' New York er den andre songen på debutalbumet til Bob Dylan med same namn. Han skildrar kjensla då han først kom til New York City og spelte på kafeane i Greenwich Village, samt livet hans fram til han fekk platekontrakt. Dylan uttrykker kor vanskeleg det var å finne spelestader på grunn av den unike stile hans, «You sound like a hillbilly; We want folk singer here.»

Songen er den første av to songar Dylan skreiv på albumet. Den andre er «Song To Woody». Som ein av dei aller første Dylan-songane han spelte inn, finn ein fleire spor av det som skulle verte synonymt med arbeidet hans. Til dømes linja A lot of people don't have much food on their table/But they got a lot of forks n' knives/And they gotta cut somethin'. har mange gonger vorte trekt fra som eit tidleg eksempel på dei gode tekstane til Dylan.[1]

Linjene Now, a very great man once said/That some people rob you with a fountain pen. er ein referanse til Woody Guthrie-songen «Pretty Boy Floyd».

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. Williams, P., (2004). Bob Dylan: performing artist. Omnibus Press. s.32