Tallak Mølbak Nielsen

Tallak Mølbak Nielsen (19. mai 181820. november 1897) var ein næringsdrivar frå Porsgrunn, stortingsmann 1871-73 og 1877-78.

Tallak Mølbak Nielsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mai 1818
Porsgrunn
Død

20. november 1897 (79 år)

Yrke grosserer, reiar, politikar

Far til Nielsen var skomakarmeister. Sjølv fekk han privatundervisning i norsk, tysk og rekning. 17 år gammal vart han tilsett i Johan Christian Bruun si forretning i Larvik. I 1846 tok han handelsborgarskap og var frå 1850 kompanjong med Bruun, svigerfaren. Frå 1855 dreiv han eiga forretning som grosserar, skipsreiar og fabrikkeigar med reperbane og tobakkproduksjon.

Nielsen var medlem i Larvik bystyre, også som ordførar, og elles forlikskommissær og styreleiar i sparebank i mange år. Han var valkrinsen Larvik og Sandefjord sin representant på Stortinget 1871-73 og på ny 1877-79, alle sesjonane som medlem i Tollkomiteen. Grunna sjukdom møtte han ikkje til 1879-sesjonen.

Kjelder endre