Talleiv Halvorsson Espetveit

Talleiv Halvorsson Espetveit (17081789) var ein norsk rosemålar og gardbrukar frå Høydalsmo i Telemark. Han var kjend som Talleiv Målar og er ein av dei eldste norske bondemålarane ein kjenner namnet på.

Talleiv Halvorsson Espetveit
Fødd 1708
Død

1789 (81 år)

Yrke kunstmålar

Han voks opp på garden Espetveit i Høydalsmo, men det er ikkje sikkert han var fødd der i bygda. Fleire stader i Telemark finst det stoveinteriør som ein meiner er etter Talleiv Målar. Mellom desse er stover i Rauland, Grungedal, Flekstveit i Lårdal og Midjås i Mo. Også finst det kister og ølbollar som han har måla. Stilen hans er påverka av barokken og av den franske régence-stilen.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok, IV.bandet, 1952-53

Bakgrunnsstoff endre