Tamara Karsavina
Tamara Platonovna Karsavina (10. mars 1885–26. mai 1978) var ei russisk ballerina. Ho var ei av Russlands fremste ballerinaer i tida før oktoberrevolusjonen.
Tamara Karsavina | |
Verkeleg namn | Тамара Платоновна Карсавина |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 25. februar 1885 St. Petersburg |
Død |
26. mai 1978 (93 år) |
Yrke | ballettdansar, koreograf, sjølvbiograf, musikkpedagog |
Språk | engelsk, russisk |
Religion | Ortodoks kristendom |
Far | Platon Karsavin |
Ektefelle | Henry James Bruce |
Tamara Karsavina på Commons |
Karsavina var fødd i St. Petersburg. Ho var dotter til ein ballettdansar, og vart utdanna til ballettdansar og ved Mariinskijballetten. Med tida skulle ho kome til å danse heile Petipas repertoar. Ho dansa med Sergej Djagilevs Ballets Russes og Vatslav Nizjinskij fram til 1913. Hennar mest berømte roller var Lise i La Fille mal gardée, Medora i Le Corsaire og Eldfuglen med koreografi av Michel Fokine.
I 1917 gifta Karsavina seg med ein britisk diplomat og busette seg i London. Ho var i 1920 med på å grunnleggje Royal Academy of Dance. Alicia Markova og Margot Fonteyn var mellom elevane hennar.
Karsavina fortel i sine memoarar, Theatre Street, om tida som aktiv dansar. Mellom dei russiske ballerinaene var konkurransen steinhard, og mellom Karsavina og Anna Pavlova utvikla det seg ein hatsk rivalitet. Karsavina var kjend for sin venleik, og elles innom ballettverda var ho beundra og elska.
Karsavina døydde i 1978 i Beaconsfield i England.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tamara Karsavina» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2011.