Tammerfors kunstmuseum

Tammerfors kunstmuseum (finsk Tampereen taidemuseo) er eit kunstmuseum i Tammerfors, Finland.[1] Museet vart etablert i 1931 av Tammerfors Konstförening. Museet blir sidan 1985 drive av Tammerfors kommune.[2] Museet held til i eit tidlegare kornmagasin i bydelen Amuri. Bygninga er frå 1838 og er teikna av Carl Ludvig Engel. Magasinet vart ombygd til museum i 1931 av etter teikningar av Hilja Gestrin.

Tammerfors kunstmuseum

StadTammerfors
Skipa1931
Kart
Tammerfors kunstmuseum
61°29′55″N 23°44′38″E / 61.4986°N 23.7439°E / 61.4986; 23.7439

Dei fem mest representerte kunstnarane i samlingane til museet er Tove Jansson (1919 verk, mest teikningar, men også nokre måleri og tablå frå mummiverda), Janssons sambuar Tuulikki Pietilä (545 verk), Magnus Enckell (303 verk), Kalle Löytänä (299 verk) og Matti Petäjä (236 verk).[3]

Mummimuseet vart i 2012/13 flytta til kunstmuseet, etter at det sidan 1987 hadde hatt tilhald i Tammerfors bibliotek.[4][5] Planen var at det skulle flyttast vidare til kulturhuset Tammerforshuset i 2016.[6]

Elin Danielson-Gambogis oljemaleri Italiensk familj (1900) høyrer til samlinga i Tammerfors kunstmuseum.

Kjelder endre

  1. «Offisielt nettsted». Arkivert frå originalen 21. februar 2015. 
  2. «Yleistä museosta». Tammerfors konstmuseum. Arkivert frå originalen 21. februar 2014. Henta 29. april 2014. 
  3. «Viisi parhaiten edustettua taiteilijaa». Tammerfors konstmuseum. 20. desember 2012. Arkivert frå originalen 21. februar 2014. Henta 12. september 2014. 
  4. Mirja Kivi. Mumindalen : figurerna som kom på museum. Schildts förlag, 2000. ISBN 951-50-1113-2
  5. Boel Westin. Tove Jansson: ord, bild, liv. Stockholm: Bonniers, 2007. Side 490 og 524. ISBN 978-91-0-011325-4
  6. Svenska YLE 23. april 2014, lest 14. april 2014


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tammerfors kunstmuseum