Tapsell Foreland er ei brei, stort sett snødekt halvøy som stikk ut i sjøen mellom Yule Bay og Smithfjorden, nord i Victoria Land. Mykje av den sentrale delen av halvøya ligg over 800 meter over havet. Namnet vart gjeve av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) i 1969, etter kapteinen på barken «Brisk», ein av kvalbåtane som hadde base i Enderby Settlement ved Port RossAucklandøyane, 1849-52. Under ei reise i februar 1850 segla Tapsell sør til Belleny Islands og så vest langs 67S så langt som til 143E. Trass i at han var så langt sør, vart det ikkje oppdaga noko land.

Tapsell Foreland
halvøy
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 70°52′S 167°20′E / 70.867°S 167.333°E / -70.867; 167.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Tapsell Foreland
70°52′00″S 167°19′59″E / 70.8667°S 167.333°E / -70.8667; 167.333
Tapsell Foreland is located in Antarktis
Tapsell Foreland (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Tapsell Foreland» (innhald frå Geographic Names Information System).