Tarifa er ein by i Andalucía sør i Spania. Han er den sørlegaste byen på kontinentale Europa, og ligg ved Gibraltarsundet. Det sørlegaste fastlandspunktet i både Spania og Europa, Punta de Tarifa, ligg innanfor grensene til bykommunen.

Tarifa
by
Land  Spania
Del av Q100593619, Q107553374, Campo de Gibraltar
Areal 419,67 km²
Folketal 18 621 (2023)
Kart
Tarifa
36°00′55″N 5°36′20″W / 36.015305555556°N 5.6056666666667°W / 36.015305555556; -5.6056666666667
Wikimedia Commons: Tarifa

På grunn av sterke vindar her er byen svært populær blant surfarar og kitarar. Når vinden kjem frå Atlanterhavet er han sterkare enn vinden frå Middelhavet, men han fører også med seg meir bølgjer. På grunn av vindforholda er det også mange vindturbinar i området.

Byen har namn etter den muslimske kommandøren Tarif Ibn Malik.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tarifa