Tassos Papadopoulos
kypriotisk politikar
Tassos Nikolaou Papadopoulos (7. januar 1934–12. desember 2008) er ein kypriotisk politikar frå Levkosía. Papadopoulos var president på Kypros frå 28. februar 2003 til 28. februar 2008.
Tassos Papadopoulos | |
Verkeleg namn | Τάσσος Παπαδόπουλος |
Statsborgarskap | Kypros |
Fødd | 7. januar 1934 Ájos Andónios i Levkosía |
Død | |
Yrke | politikar, advokat |
Språk | gresk, engelsk |
Verv | President på Kypros |
Periode | 2003-2008 |
Føregangar | Glavkos Kliridis |
Etterfylgjar | Dimitris Khristofias |
Politisk parti | Dimokratikó Kómma, Eniaion |
Tassos Papadopoulos på Commons |
Papadopoulos leia sentrumspartiet Dimokratiko Komma (Det demokratiske partiet). Han vart vald til president 16. februar 2003 med 51,5 % av røystene i første valomgang, framfor den sitjande presidenten Glavkos Kliridis. Papadopoulos oppmoda i 2004 folket til å røysta «nei» i folkerøystinga om SN sin fredsplan for Kypros, og det vart òg eit nei-fleirtal. Ved presidentvalet 17. februar 2008 kom han på tredje plass i første runde med 31,8 % av røystene, og måtte dermed gå av som president.