Levkosía

Lévkosía (Nikosia)
Λευκωσία
Lefkoşa
Utsyn over den sentrale delen av Lévkosía
Utsyn over den sentrale delen av Lévkosía
Styresmakter
Land
Distrikt
Land
Distrikt
Republikken Kypros
Levkosía
Nord-Kypros
Lefkoşa
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

116 752
Koordinatar 35°10′″N 33°21′″EKoordinatar: 35°10′″N 33°21′″E
Diverse anna
Heimeside: http://www.nicosia.org.cy/
(Kypriotisk kommune)
https://www.lefkosabelediyesi.org/
(Nord-kypriotisk kommune)
Plassering
Lévkosía innafor distriktet Levkosía
Lévkosía innafor distriktet Levkosía

Lévkosía (gresk Λευκωσία, tyrkisk Lefkoşa) eller Nikosia, engelsk og eldre norsk Nicosia, på gresk òg Χώρα (Khóra), er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[1]

Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[2] Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.

Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.

Administrasjon og folketalEndra

Levkosía, republikken KyprosEndra

Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av kommunen Levkosía som er under kontroll av styresmaktene, 55 014 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[3]

Storbyområdet til Levkosía omfattar òg kommunane Aglandziá, Ájos Dométios, Éngomi, Jéri, Lakatámia, Latsiá, Stróvolos og Tséri og hadde i 2011 i alt 244 556 innbyggjarar.

Lefkoşa, Nord-KyprosEndra

Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lefkoşa 61 738 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[2]

Storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía) omfattar òg kommunane Alayköy (Jerólakkos) og Gönyeli (Kióneli) og hadde i 2011 i alt 82 539 innbyggjarar.[4][2]

HistorieEndra

Byen vart grunnlagd av egyptarar på 300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Levkosía kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Levkosía inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då osmanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det byen har vore delt av ei SN-sone i byen, «den grøne linja».

KjelderEndra