For den tsjekkiske komponisten Dvořák, sjå Antonín Dvořák.

Dvorak er eit tastaturoppsett utvikla av August Dvorak og William Dealey1920- og 1930-talet. Det mest brukte Qwerty-oppsettet var laga 60 år tidlegare for å unngå at skrivemaskinane hang seg opp. Men Qwerty-oppsettet var ikkje særleg effektivt å skrive med, difor starta Dvorak og Dealey med sitt arbeid. Dei gjorde undersøkinger av det engelske språket slik at dei kunne lage eit meir effektivt tastaturoppsett; «Simplified keyboard», seinare omdøypt til «dvorak».

Ein treng ikkje flytte fingrane så mykje når ein bruker dvorak, naturlege fingerrørsler gjev rolegare og meir behageleg skriving i tillegg til at det går raskare. Ein kan skrive med fleire tastaturoppsett på same måte som ein kan snakke fleire språk.

Det norske dvorakoppsettet Arkivert 2006-08-05 ved Wayback Machine. har tatt det engelske og gjort plass til Æ, Ø og Å. Tastaturoppsettet er ikkje like godt tilpassa norsk som engelsk, men òg på norsk vil du oppleve at skrivinga, etter ein omstillingsperiode, går langt lettare enn med vanleg QWERTY.

Dvorak finst òg i variantar for ei hand. Det finst i høgrehandsutlegg og venstrehandsutlegg. Dette er praktisk om ein berre har ei hand tilgjengeleg, eller likar å ha høgre handa på musa eller kaffikoppen.

Bakgrunnsstoff endre