Taugevatn
Taugevatn (òg kalla Tågavatn) er eit vatn på sørsida av ein nedlagd del av Bergensbanen i Ulvik kommune. Det ligg på 1 294 moh. og jarnbanestrekninga hadde det høgaste punktet sitt her, 1 301 meter over havet før Finsetunnelen vart bygd. Etter bygginga av Finsetunnelen ligg Bergensbanens høgaste punkt inne i denne, 1 237 meter over havet.
Taugevatn | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Taugevatn 60°37′30″N 7°21′13″E / 60.62492889°N 7.35365194°E |
Taugevatn har avløp via Ustekveikvatnet til Ustevatn i Hol kommune gjennom elva Ustekveikja.