Bergensbanen eller Bergensbana er ei 50 mil lang einspora jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgastliggjande hovudlina i Europa ved å krysse Hardangervidda, med 1238 meter over havet som høgaste punktet på den noverande traseen. Lina vart opna av kong Haakon VIIVoss stasjon den 27. november 1909, og har vorte ein populær turistattraksjon.

Lokomotivet NSB El. 18 dreg eit tog over Hardangervidda
Kart over kor Bergensbana går hen
Snørydding 1908
Begna bru over Ådalselva (del av elva Begna) rett utanfor Hønefoss stasjon er ei 216 meter lang steinbru som vart bygd for Bergensbana på strekninga mellom Hønefoss og Roa, den noverande Roa-Hønefosslina.
Frå samankoplinga av bana mellom aust og vest ved Ustaoset.

Historie endre

Tanken om ei bane mellom Oslo og Bergen vart lansert 24. august 1871 av forstmeister A.T. Gløersen, i ein artikkel trykt i Bergensavisen. Initiativet har gjeve han heiderstittelen «Bergensbanens far». Framlegget hans vart møtt med skepsis frå mange hald. Hovudinnvendingane gjekk på at bygginga ville bli svært kostbar, at banen ikkje ville vere til særleg nytte for godstransporten og at bana lokalt var til avgrensa nytte sidan ho for ein stor del gjekk gjennom folketomme område. Dessutan ville vêrtilhøva gjere det vanskeleg å halde bana open vinterstid. Vossabana mellom Bergen og Voss blei opna i 1883, og ho gjekk etter traséen som òg var teken fram for Bergensbana. Då Stortinget endeleg tok ei avgjerd i 1894, etter eit lengre ordskifte om kva veg jarnbanelina skulle ta vidare over fjellet, valde innanriksminister Johan Thorne å trekkje seg. Hovudargumentet for bana var den lange reisetida mellom Bergen og Oslo; ei båtreise tok meir enn 50 timar. Mellom andre argument som vart trekte fram i debatten, var dei røynslene Fridtjof Nansen gjorde om landskapet då han i 1884 gjekk på ski over fjellet. Fyrst vart lina mellom Voss og Taugevatn godkjend av Stortinget, i 1898 vart resten av lina godkjend.

Bygginga av Bergensbana var ei stor økonomisk satsing for staten. Bana kosta om lag eit halvt norsk statsbudsjett i 1909, eller ca 2,5 prosent av BNP.

Bygginga av bana var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid var og er det fleire meter med snø. Strekninga mellom Voss og Myrdal vart opna sumaren 1906. Heile lina vart opna for passasjertrafikk 27. november 1909.

Frå fyrste stund var Bergensbana ein suksess målt i trafikktal. Han fekk snart tre gonger så mange reisande som Rørosbana mellom Trondheim og Oslo. I 1920–21 reiste 3,7 millionar passasjerar med bana. Dei mørke spådomane om ugjerlege vêrtilhøve slo heller ikkje til.

I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jarnbana ferdig elektrifisert. I 1984 byrja difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa.[1]

Jernbaneanlegget endre

Bergensbana hadde i 1909 ei lengd på 493 km. Bana hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. Den lengste tunnelen var han ved Trollkona, litt over 8 kilometer lang. Den lengste tunnelen i dag er, bortsett frå Liertunnelen på 10 700 meter, som eigentleg høyrer til Drammensbana, Finsetunnelen som er 10 300 meter lang og som stod ferdig i 1993. Den lengste brua på Bergensbana mellom Hønefoss og Bergen er Kongsnutbrua på 160 m, opna 1994. Den høgastliggjande stasjonen er Finse stasjon (1222 moh.), og det høgaste punktet på lina var Fagernut ved Taugevatn (1301 moh.). I dag er lina 409 km og høgaste punkt, 1238 moh., ligg inni Finsetunnelen.[2] Innkortinga kjem av bygging av fleire tunnelar, mellom anna Ulrikentunnelen.

Dei fullstendige planane for Bergensbana omfatta ei Ringeriksline direkte frå Hønefoss til Oslo. Men for å spare pengar vart den såkalla «grisekrøllen» om Roa i Lunner kommune vald i staden. Strekninga mellom Hønefoss stasjon i Ringerike kommune og Roa stasjon vart opna i 1909, og med det vart Bergensbana knytt til Gjøvikbana, og toga køyrde på Gjøvikbana inn og ut av Oslo. Gjøvikbana var knytt til jarnbanestasjonen Oslo Ø, som såleis vart stasjonen i Oslo for persontoga mellom Oslo og Bergen. For før Oslotunnelen vart bygd og Oslo Sentralstasjon opna, var det i Oslo to åtskilde endestasjonar for kvart sitt nett av jarnbaneliner, Oslo V for Drammensbana og Oslo Ø for dei andre jarnbanelinene inn til byen.

Ei anna rute mellom Hønefoss og Oslo går over dei to banene Randsfjordbana om Hokksund til Drammen stasjon, og Drammensbana mellom Drammen og Oslo. Etter at Liertunnelen mellom Lier og Asker stasjon vart opna på 70-talet, og Oslotunnelen og Oslo Sentralstasjon seinare vart opna, vart Drammensbana merkbart kortare og dobbeltspora heilt fram til sentralstasjonen, og i den seinare tida kom dessutan høgfartsbana Askerbana til som køyreveg på mykje av strekninga. I våre dagar går difor persontoga på Bergensbanen om Drammen, med dei føremonane dette gjev for dei av passasjerane på Bergensbana som skal til eller frå desse folkerike områda, eller som òg skal nytte toga på Vestfoldbana eller Sørlandsbana på ein del av reisa, og kan byte tog på Drammen stasjon. Strekninga frå Hønefoss stasjon til Roa stasjon vart etter denne omlegginga berre nytta av godstoga mellom Bergen og Oslo, som framleis skal gå over Gjøvikbana, og har no fått namnet Roa-Hønefosslina.

Både lina om Hokksund og Drammen og lina over Roa er ein stor omveg og eit tidstap for dei som skal reise snøgt mellom stasjonane på strekninga mellom Bergen, Hallingdal, Hønefoss og Oslo. Jernbaneverket arbeider difor med planane om å byggje ei ny og stuttare line, kalla Ringeriksbana, mellom Hønefoss og fram til Askerbana/Drammensbana i Sandvika i Bærum kommune. Dette vil korte ned Bergensbana med om lag 60 km og reisetida med om lag 50 minutt.[3]

Trafikk endre

På Bergensbana går det no (2009) fire daglege avgangar kvar veg på heile distansen. Reisetida varierer frå 6 timar og 28 minutt på det raskaste ettermiddagstoget til 7 timar og 47 minutt på det langsamaste nattoget.[4]

Turisme endre

Bergensbana er i seg sjølv eit turistmål, som fleire gonger er rangert blant dei vakraste togreisene i verda.[5]

Jernbanelina er i dag eit populært turistmål. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inn til lina og er eit populært turmål, NSB leiger ut syklar mellom anna på Finse. Frå Myrdal går det ei sidebane til Flåm ved Sognefjorden (Flåmsbana). Hardangerbana frå Voss til Granvin i Hardanger vart nedlagd i 1988.

Bergensbana mellom Finse og Haugastøl, filma av NRK. (høg oppløysing)

Stasjonar på Bergensbana endre

Stasjon Opna (årstal) Høgd (moh.) Avstand frå
Oslo (km)
Avstand frå
Bergen (km)
  Oslo S 1854/1981 2 0 493
  Lysaker 1872 7,5 7,00
  Asker 1872 104 24 469
  Drammen 1866 2 41 452
  Hokksund 1866 8 58 435
  Vikersund 1866 67 84 409
  Hønefoss 1866 96 112 381
  Flå 1907 155 174 319
  Nesbyen 1907 168 208 285
  Gol 1907 207 225 268
  Ål 1907 436 250 243
  Geilo 1907 794 275 218
  Ustaoset 1912 990 286 207
  Haugastøl 1908 988 297 196
  Finse 1908 1222 324 169
  Hallingskeid 1908 1110 345 148
  Myrdal 1908 867 358 135
  Upsete 1908 850 364 129
  Mjølfjell 1908 627 376 117
  Voss 1883 57 407 86
  Dale 1883 43 447 46
  Arna 1964 8 483 10
  Bergen 1913 2 493 0
Teiknforklaring
Vis alt Vis oversikt +
    Sjå Gjøvikbanen
    0,00 km Oslo S (1854)
    sjå Drammenbanen
    Ringeriksbanen, under planlegging[6]
    Roa
      52,86 km Drammen (1866) 2,2 moh.
    sjå Randsfjordbanen
    Hole
    Roa-Hønefossbanen frå Roa
  124,21 km Hønefoss (1868) 96,8 moh.
    Randsfjordbanen til Hen
  Sørumtoppen (haldeplass, 1954)
  E16
  Weksal (haldeplass, 1930)
  Ramsrud (haldeplass, 1930)
  Halsteinrud (haldeplass, 1930)
  Nøkleby (1915)
  sidespor til omformarstasjon
  Tveit-tunnelen (115 m)
  Heggen (haldeplass, 1930)
  Heggen bru over Hegga
  Øst Veme (haldeplass, 1930)
  135,09 km Veme (1909)
  Borglund (haldeplass, 1930)
  Fonkalsrud (haldeplass, 1930)
  Fonkalsrud bru over Væla (20 m)
  Jonsrud (haldeplass, 1930)
  Gardhammar (haldeplass, 1930)
  141,21 km Bårnås (1913)
  Evjen (haldeplass, 1930)
  Skraperud (haldeplass, 1930)
  sidespor til Soknabruket
  Lofthus (haldeplass, 1930)
  Sokna bru over Sogna (34 m)
  146,63 km Sokna (1909)
  Kroksrud (haldeplass, 1934)
  Ulsrud-tunnelen (106 m)
  Rud-tunnelen (31 m)
  Grindbakken (haldeplass, 1930)
  Juvet-tunnelen (163 m)
  Juve (haldeplass, 1932)
  Store Langvassoset-tunnelen (331 m)
  Lille Langvassoset-tunnelen (38 m)
  Langvassoset (haldeplass, 1949)
  155,24 km Rallerud (1914)
  Hansomplass (haldeplass, 1930)
  Haversting (haldeplass, 1930)
  Haverstingtunnelen (2 300 m)
  Øvre lille Ørgenvika-tunnelen (66 m)
  Nedre lille Ørgenvika-tunnelen (120 m)
  162,92 km Ørgenvika (1909)
  Lange Ørgenvika tunnel (193 m)
  Trolldalen tunnel (634 m)
  164,34 km Trolldalen (1986)
  Nedre Trolldal tunnel (153 m)
  Dragonbråten-tunnelen (123 m)
   gamal linje
   Øvre Lindelia-tunnelen (73 m)
   Midtre Lindelia-tunnelen (39 m)
   Lindelia-tunnelen (872 m)
   Nedre Lindelia-tunnelen (211 m)
   gamal linje
  Sønsteby (1930)
  Trommald (1931)
  175,42 km Gulsvik (1907)
  Gulsvik-tunnelen 1 002 m)
  Store Haremo-tunnelen (415 m)
  Lille Haremo-tunnelen (63 m)
  Flatsjø (1930)
  Buøyni (1935)
  Flå-tunnelen (30 m)
  186,64 km Flå (1907) 155,0 moh.
  Bru over Saulidelva (24 m)
  Hei (1935)
  Kvie (1930)
  Jorde (1947)
  Østre Gaptjernnatten-tunnelen (28 m)
  Vestre Gaptjernnatten-tunnelen (48 m)
  194,51 km Austvoll (1907)
  Mælebråten-tunnelen (56 m)
  Tjærenatten-tunnelen (247 m)
  Østre Kolsrud-tunnelen (340 m)
  198,61 km Kolsrud (1914)
  Midtre Kolsrud-tunnelen (26 m)
  Vestre Kolsrud-tunnelen (48 m)
  Nøbb-tunnelen (98 m)
  Kleven-tunnelen (35 m)
  Rauk-tunnelen (90 m)
  204,61 km Bergheim (1913)
  Sevre-tunnelen (291 m)
  Velta (1938)
  Geitsund-tunnelen (64 m)
  Børtnes-tunnelen (71 m)
  Løvik-tunnelen (22 m)
  208,41 km Bromma (1907)
  Gråsult-tunnelen (57 m)
  Nordhagen-tunnelen (51 m)
  Støe (1936)
  213,47 km Liodden (1913)
  Blingsmo-tunnelen (60 m)
  Heggen bru over Todøla (25 m)
  Grønna (1931)
  220,06 km Nesbyen (1907) 168,8 moh.
  Gunnbjørnsdokk (1930)
  Svenkerud bru over Hallingdalselve (53 m)
  Rv7 (ca. 15 m)
  229,22 km Svenkerud (1914)
  Eikle (1935)
  237,02 km Gol (1907) 207,4 moh.
  Rotneim (1930)
  Trillhus (1931)
  252,49 km Torpo (1907) 326,6 moh.
  Torpemoen (1958)
  Sando (1931)
  259,81 km Jegermoen (1954)
  262,85 km Ål (1907) 436,6 moh.
  276,20 km Hol (1907)
  Svenkerud bru over Usta (41,4 m)
  Breidfoss (1931)
  Bardøla (1947)
  287,38 km Geilo (1907) 794,2 moh.
  Såbal-tunnelen (313 m)
  Ustaoset-tunnelen (101 m)
  299,31 km Ustaoset (1912) 990,6 moh.
  Karistøl-tunnelen (37 m)
  310,14 km Haugastøl (1908) 988,0 moh.
   gamal linje
   Gråskallen-tunnelen (2 710 m)
   Tunga kryssingsspor
   Tunga stasjon
   gamal linje
  336,74 km Finse (1908) 1222,2 moh.
    gammel linje (1993)
    312,28 km Kvinå (1959)
    313,00 km Taugevatn (sjå artikkelen) 1300 moh.
    (ca. 300 m)
    Finsetunnelen (1993, 10 300 m) 1 237 moh.
    344,15 km Fagernut kryssingsspor
    (ca. 850 m)
   
    353,21 km Høgheller grenpunkt gamal linje (1993)
  Øvre Høgda-tunnelen (143 m)
  Nedre Høgda-tunnelen (80 m)
  Øvre Høgheller-tunnelen (106m)
  Nedre Høgheller-tunnelen (154 m)
  Øvre Midtstua-tunnelen (55 m)
  Nedre Midtstua-tunnelen (55 m)
  Skara-tunnelen (66 m)
  Skomå-tunnelen (52 m)
  Hallingskeid-tunnelene (111 m)
  357,44 km Hallingskeid (1908) 1110,1 moh.
  Østre Hallingskeid-tunnelen (103 m)
  Vestre Hallingskeid-tunnelen (78 m)
  Grøndalshalsen-tunnelen (265 m)
  Øvre Tjoadal-tunnelen (486 m)
  Midtre Tjoadal-tunnelen (41 m)
  Nedre Tjoadal-tunnelen (72 m)
  Øvre Grøndalen-tunnelen (242 m)
  Nedre Grøndalen-tunnelen (163 m)
  Klevefeten-tunnelen (154 m)
  Kleven-tunnelen (136 m)
  Kleva bru over Moldåa (30 m)
  Klevenosi-tunnelen (126 m)
  Øvre Lillekleven-tunnelen (54 m)
  Nedre Lillekleven-tunnelen (146 m)
  Seltuft-tunnelen (45 m)
  Øvre Seltuftberg-tunnelen (279 m)
  Nedre Seltuftberg-tunnelen (96 m)
  Øvre Bodladal-tunnelen (55 m)
  Nedre Bodladal-tunnelen (21 m)
  Reinunga-tunnelen (1 820 m)
  Styvedalen-tunnelen (65 m)
  Lille Geithammer-tunnelen (76 m)
  Midtre Geithammer-tunnelen (39 m)
  Store Geithammer-tunnelen (584 m)
  Myrdalsleite-tunnelen (31 m)
    Flåmsbana
  370,44 km Myrdal (1908) 866,8 moh.
  Gravhalstunnelen (1908, 5 311 m)
  376,79 km Upsete (1908) 850,2 moh.
  Upsete-tunnelen (430 m)
  Rustedal-tunnelen (79 m)
  Vieren (1948)
  Langvannsoset-tunnelen (115 m)
  Øvre Ørneberget-tunnelen (140 m)
  Nedre Ørneberget-tunnelen (76 m)
  382,14 km Ørneberget (1958)
  Kleivane-tunnelen (1 220 m)
  Ljosandal-tunnelen (253 m)
  384,01 km Ljosandbotn (1948)
  Helle-tunnelen (29 m)
  Rjoandal-tunnelen (229 m)
  388,86 km Mjølfjell (1908) 627,2 moh.
  Almenningen-tunnelen (15 m)
  Grytestølen-tunnelen (70 m)
  392,19km Eggjareid (1936)
  394,44 km Volli (1936)
  Øvre Vold-tunnelen (59 m)
  Midtre Vold-tunnelen (78 m)
  Nedre Vold-tunnelen (28 m)
  397,37 km Reimegrend (1908) 464,6 moh.
  Store Skiple-tunnelen (564 m)
  400,94 km Skiple (1931)
  Lille Skiple-tunnelen (150 m)
  Øyeflaten (1931)
  Bø-tunnelen (89 m)
  371,52 km Urdland (1908)
  Urdland-tunnelen (545 m) 304,0 moh.
  Rastadlia I-tunnelen (57 m)
  Rastadlia II-tunnelen (229 m)
  Rastadlia III-tunnelen (248 m)
  Rastadlia IV-tunnelen (313 m)
  410,54 km Kløve (1908)
  413,67 km Ygre (1908) 168,0 moh.
  Ygre-tunnelen (62 m)
  Gjerdåker
  Tvilde-tunnelen (338 m)
  Bru over Strandelva (59 m)
  E16 (ca. 15 m)
    Hardangerbana (nedlagt)
    Palmafoss (1935)
   
  419,96 km Voss (1883) 56,5 moh.
   del av Gamle Vossebanen (nedlagt og fjerna)
   Kvålsåsen-tunnelen (1990, 4 923 m)
  
  Bulken (1883)
  Bulken-tunnelen (705 m)
  E16 (ca. 30 m)
  Bru over Vosso (48 m)
  Seimsgrend (1936)
  Ho-tunnelen (710 m)
  Saghaug (1936)
  Skorve-tunnelen (7 m)
  Evanger (1883)
  Hærnes-tunnelen (3 336 m)
  Hærnesvik (1936)
  Kattegjelet-tunnelen (529 m)
  Kattegjel viadukt-tunnelen (19 m)
  Lillevik-tunnelen (292 m)
  Jørnevik (1936)
  Røvstona-tunnelen (542 m)
  Bolstadøyri
   del av Gamle Vossebanen (nedlagt og fjerna)
   Bolstad-tunnelen (110 m)
   Trollkona-tunnelen (1987, 8 043m)
  
  Holhøyden-tunnelen (73 m)
  Dale (1883) 43,4 moh.
  Dalegården Spor
  Dalebrygga-tunnelen (475 m)
  Daleura-tunnelen (29 m)
  Hellestræ (1936)
  Stanghelle bru (32,8 m)
  Stanghelle (1883)
  Hetta-tunnelen (1 243 m)
  Fossmarkli (1936)
  Lille Fossmark I-tunnelen (38 m)
  Lille Fossmark II-tunnelen (93 m)
  Store Fossmark-tunnelen (742 m)
  Skreien I-tunnelen (300 m)
  Skreien II-tunnelen (662 m)
  475,17 km Vaksdal (1883) 16,0 moh.
  Vaksdal bru (22 m)
  Vaksdal-tunnelen (180 m)
  Boge I-tunnelen (70 m)
  Boge II-tunnelen (81 m)
  Bogegrend (1938)
   del av Gamle Vossebanen (nedlagt og fjerna)
   Bogelia kvelv I (92 m)
   Bogelia kvelv IIn (37 m)
   Bogelia kvelv III (30 m)
   Bogelia kvelv IVn (83 m)
   Bogelia kvelv V (109 m)
   Kjenes-tunnelen (410 m)
   Hananipatunnelen (1971, 6 096 m)
   Trengereid spor 2 tunnel (54 m)
  
  487,05 km Trengereid (1883)
  Trengereid I-tunnelen (83 m)
  Sunnes bekk-tunnelen (83 m)
  Trengereid II-tunnelen (116 m)
  Slåttabekk-tunnelen (20 m)
  Risnes I-tunnelen (26 m)
  Risnes II-tunnelen (92 m)
  Risnes III-tunnelen (291 m)
  Risneset (1935)
  Romslo I-tunnelen (581 m)
  Romslo II-tunnelen (377m)
  Romslo (1935)
  Songstad I-tunnelen (583 m)
  Songstad II-tunnelen (330 m)
  Songstad III-tunnelen (295 m)
   del av Gamle Vossebanen (nedlagt og fjerna)
   Herlandtunnelen (781 m)
  
  493,27 km Takvam (1966)
  Takvam-tunnelen (251 m)
  Tunestveit-tunnelen (61 m)
    494,00 km Tunestveit Gamle Vossebanen
    Arnanipa-tunnelen (2 190 m)
   
   
    496,57 km Arna (1964) 8,0 moh.
    Ulrikentunnelen (1964, 7 670 m)
   
    Undergang Kalfarveien (68 m)
    E39
    sidespor til Solheim på Gamle Vossebanen
   
    Nygårdstangen terminal
    Nygårdsparken
    Havnebane nord (1421 m, 1921)
    505,89 km Bergen (1913) 3,9 moh.
    Dokken
    sidespor til Skuteviken
    Skoltegrunnskaien

Kjelder endre

Fotnotar endre

Sjå òg endre

Om den opphavlege Bergensbanen på strekninga mellom Hønefoss og Oslo, sjå Roa-Hønefosslinja og Gjøvikbanen.