Dødvekttonn

(Omdirigert frå Tdw)

Dødvekttonn er den totale vekta eit skip kan bere av last, drivstoff, forsyningar, besetning og passasjerar. Måleininga er viktig og blir saman brukt med bruttotonnasje, og deplasement for å angje dei kommersielle måla på eit skip.

Etter kvart som ein lastar ombord på eit skip vil skipet ligge djupare i vatnet. Maksimal dwt er den totale vekta eit skip kan ta med seg utan å ligge for lågt i vatnet.

Symbolet for dødvekttonn er dvt eller dwt (frå engelsk dead weight tonnage).

Kjelder endre