Drivstoff
Drivstoff er eit omgrep som vanlegvis vert nytta om eit stoff, i fast, flytande eller gassform, som frigjer energi når det brenn (reagerer med oksygen) og som kan nyttast til å driva forbrenningsmotorar. Stordelen av drivstoffet som vert nytta i det industrielle samfunnet er fossilt drivstoff, som i større eller mindre grad vert raffinert før det vert marknadsført.
Kjemisk drivstoff
endreKjemiske drivstoff er stoff som frigjer energi gjennom ein kjemisk reaksjon, vanlegvis ved at det reagerer med oksygenet i lufta når det brenn.
Fossilt drivstoff
endreFossilt drivstoff utgjer hovudtyngda av drivstoffet som vert nytta for sjøfart, motorkøyretøy, landbruksmaskinar, anleggsmaskinar og luftfart. Fossilt drivstoff vert òg i stor grad nytta til å generera elektrisk energi. Tidlegare var fossilt faststoff, i form av kol eit viktig drivstoff for skipsfart og jarnvegar, medan ein i dag stort sett nyttar flytande fossilt drivstoff utvunne frå råolje, som vert pumpa opp frå underjordiske brønnar. Råolje vert i større eller mindre grad raffinert før ho vart marknadsført, men skipsfarten nyttar framleis billig tungolje. For motorkøyretøy er bensin og diesel dei vanlegaste produkta. Ulike former for naturgass, som LPG, vert i nokon grad nytta når det er viktig at ein forureinar lufta så lite som mogleg. Gaffeltruckar som vert nytta innandørs nyttar ofte propan som drivstoff.
Biodrivstoff
endreBiodrivstoff er drivstoff i fast, flytande eller gassform utvunne frå biomasse. Det eldste biodrivstoffet er trevirke. Vitskaplege funn i Afrika tyder på at trevirke har vore nytta som brensle i opp til 1,5 millionar år.[1] Trevirke er framleis viktig som brensle over store delar av verda. Som drivstoff for køyretøy har trevirke spela ein marginal rolle, men under andre verdskrig vart vedgass frå knott nytta som drivstoff både for bilar og traktorar. Tidlegare vart olje frå kval nytta som lampeolje [treng kjelde]. Tran og tjære har òg i nokon grad vore nytta[treng kjelde].
Fleire land, som Brasil og USA, har teke til å nytta bioetanol framstilt frå planter som drivstoff. Men av di det legg beslag på store areal fruktbar mark og/eller øydelegg skog har det ført til kritikk frå miljøorganisasjonar.[treng kjelde]
Biodiesel blir framstilt frå vegetabilsk olje, men dette òg legg beslag på store areal med dyrka mark.
Biogass frå husdyrgjødsel, søppel og avfall frå trevirke er i dag berre i liten grad nytta som drivstoff, men har potensiale til å spele ei større rolle i framtida. Sverige har vore eit føregangsland på dette området[treng kjelde].
I tillegg til dei ovanfor nemnde er det òg forsking på bruk av biometanol og biobutanol som drivstoff.
Hydrogen
endreHydrogen kan nyttast som drivstoff i forbrenningsmotorar eller brenselceller. Det har vore forska på hydrogen som drivstoff i mange tiår utan at det har klart å komme til større bruk som drivstoff. Sidan hydrogen er ein lett gass med eit veldig lågt kokepunkt er det store utfordringar i bruken av det. Det er òg knytt store tryggleiksproblem knytt til bruken av det. Jmr eksplosjonane ved Fukushimakraftverket.
Kjernefysisk drivstoff
endreKjernefysisk drivstoff omfattar brensel til bruk i fisjon- og fusjonsreaktorar.
Fisjondrivstoff
endreDet vanlegaste fisjonsbrenslet er opprika uranoksid (3-5 % 235U i 238U) som vert nytta i kjernekraftverk, ubåtar, isbrytarar, osv. I tungtvassreaktorar (CANDU) kan ein nytte naturleg uran som inneheld 0,7 % 235U.
I somme reaktorar kan ein nytte såkalla MOX-brensel som består av oksidar av 235U og 239Pu (plutonium) i 238U.
Torium kan òg bli nytta, men er ikkje i bruk i dag. Torium kan bli nytta ein gong i framtida.
Fusjondrivstoff
endreVed hjelp av fusjon kan ein truleg ein gong i framtida produsere varme og derved elektrisitet. Som drivstoff i fusjonsreaktorar kan ein nytte hydrogen, døyterium eller tritium. I praksis vil ein nytte litium i reaktoren for å produsere tritium.
Ein nyttar energi frå kjernefusjon indirekte, etter som solenergi stammar frå fusjon.
Kjelder
endre- ↑ Rincon, P., Bones hint at first use of fire, BBC News, 22.03.2004.