Te Heuheu Tukino IV

Te Heuheu Tukino IV (Horonuku, Pataatai) (18211888) var overhøvding i iwien Ngāti Tuwharetoa, ein maoristamme sentralt på NordøyaNew Zealand. Ved fødselen fekk han namnet Pataatai, men han tok namnet Horonuku - som tyder jordskred - etter at foreldra hans døde i eit jordskred i 1846. I 1887 testamenterte han fjella Ruapehu, Tongariro og Ngauruhoe til nasjonen for å danna Tongariro National Park.

Te Heuheu Tūkino IV
Portrett av Te Heuheu Tukino IV
Avtalen om gåve av Tongariro mellom Horonuku Te Heuheu Tūkino IV i Ngāti Tūwharetoa og krona (1887)

Oppvekst endre

Far til Horonuku, Mananui Te Heuheu Tukino II, var ein kjend krigarhøvding som leia stammen sin med suksess i mange krigar. Mananui var over to meter høg og kraftig bygd, og var ikkje berre sin stor krigar, men også ein dyktig militær strateg. Etter at han døde i eit jordskred, vart han etterfølgd av sonen Horonuku, som, fordi han var berre 16 år gammal, måtte lata farbroren, Iwikau (Tukino III), også ein stor krigar, leia iwien.[1]

Overhøvdingen endre

Då Iwikau døydde i 1862 etterfølgde Horonuku onkelen sin som overhøvding. Sjølv om Horonuku ikkje var kjend som krigar, var han ein intelligent og framsynt leiar som gjorde det beste for folket sitt. Stammen støtta den maoriske King Movement-rørsla, og Horonuku deltok med krigarar i trefningar i 1863. Han gjekk også saman med opprørsleiaren Te Kooti, men vart nedkjempa i 1869.[1]

Gjennom 1860-åra vart landområde til Tuwharetoa sentralt på Nordøya leigd ut til europeiske busetjarar for sauedrift, men eit tiår seinare vart Tuwharetoa ottefulle for at fjella ville verta oppmålte, og at europearane ville sjå bort frå dei tradisjonelle maoriske tapu. Horonuku, som etter å ha drøfta dette med fleire andre høvdingar i stammen, føreslo for regjeringa at landomådet vart testamentert til nasjonen som ein nasjonalpark, på vilkår av at styresmaktene skulle fjerna leivningane av stammen sine kjende forfedre frå fjella, mellom desse Mananui, og gje dei eit høveleg gravmæle. Regjeringa gjekk med på dette, og avtalen vart underteikna av John Ballance, som på det tidspunktet var Native Minister (Minister for Māori Development) og Horonuku, i 1887.[1]

Mellom Horonuku sine søner var Tureiti Te Heuheu Tukino V.

 
Byste av Te Heuheu Tūkino IV i informasjonssenteret i Tongariro National Park

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Steven Oliver (juni 2018). «Te Heuheu Tūkino IV, Horonuku». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 25. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff endre