Team America: World Police

Team America: World Police er ein amerikansk komedie frå 2004, produsert av Trey Parker, Matt Stone og Scott Rudin, dei to første kjende som skaparane av den animerte fjernsynsserien South Park. Filmen er ein satire på actionfilmar og tilhøyrande klisjear og stereotypar. Filmtittelen er avleidd frå nasjonal og internasjonal kritikk mot utanrikspolitikken til USA.

Team America: World Police
RegiTrey Parker Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Trey Parker, Matt Stone, Scott Rudin Sjå dette på Wikidata
ManusTrey Parker, Matt Stone Sjå dette på Wikidata
MedverkandeTrey Parker, Matt Stone, Kristen Miller, Masasa Moyo, Daran Norris, Phil Hendrie, Maurice LaMarche Sjå dette på Wikidata
KlippTom Vogt Sjå dette på Wikidata
MusikkHarry Gregson-Williams Sjå dette på Wikidata
SjeffotografBill Pope Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapParamount Pictures, Scott Rudin Productions Sjå dette på Wikidata
DistributørParamount Pictures, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato11. oktober 2004,[1] 30. desember 2004 (Tyskland),[2] 15. oktober 2004 (USA),[3] 2004
Lengd98 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA, Tyskland Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening32 786 074 US-dollar (USA),[4] 50 826 898 US-dollar (verdsfemnande)[4]
Sjangeractionfilm, satire, Krigsfilmar, marionette film Sjå dette på Wikidata

I staden for verkelege skodespelarar bruker filmen marionettar, med Parker, Stone, Kristen Miller, Masasa Moyo, Daran Norris, Phil Hendrie, Maurice LaMarche, Chelsea Marguerite, Jeremy Shada og Fred Tatasciore som stemmeskodespelarar.

Filmen premierte under Denver Film Festival den 14. oktober 2004, og vart utgjeven på kinoar i USA dagen etter av Paramount Pictures. Han fekk hovudsakleg positive omtalar og spelte inn over 51 millionar dollar mot eit budsjett på 32 millionar dollar.

Kjelder endre

  1. Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312 
  2. http://www.kinokalender.com/film4973_team-america.html; vitjingsdato: 1. januar 2018.
  3. https://www.imdb.com/title/tt0372588/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 28. april 2022.
  4. 4,0 4,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt0372588/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 28. april 2022.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Team America: World Police
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.