Google (NASDAQ: GOOG) er eit amerikansk multinasjonalt dataselskap som driv flere tjenester på internett, som reklamering, teknologi, søkjetenestar, skylagring og andre programvarar. Dei er mest kjent for sin populære søkjemotor, Google Søk. Google er verdas største søkjemotor med over 200 millionar søk kvar dag.
![]() | |
Selskapsform | Aksjeselskap |
---|---|
Skipa | 7. september 1998 |
Morselskap | Alphabet |
Dotterselskap | AdMob, DoubleClick, On2 Technologies, Picnik, YouTube, Zagat, Waze, Blogger, SlickLogin, Boston Dynamics, Bump, DeepMind, WIMM One, VirusTotal, Google X, Motorola Mobility, Google.org, Google Store, Keyhole, Inc, Google China, ITA Software, ImageAmerica, Kaltix, FeedBurner, Nest Labs, Neotonic Software, PeakStream, Postini, Google Affiliate Network, dMarc Broadcasting, G Suite, Google Cloud Platform, GV, Endoxon, Google Energy, BufferBox, Google (Switzerland), Google (Ireland), Google Canada, Google Voice, Waymo, Nest Labs, AdWords, Urchin Software Corporation ![]() |
Eigar | Larry Page, Sergey Brin, Eric Schmidt, Alphabet Inc. ![]() |
Bransje | Internett, IKT |
Hovudkontor | Mountain View i California i USA |
Styreleiar | Eric E. Schmidt |
Tilsette | 24 400 (2010) |
Google er i dag eit dotterselskap av Alphabet Inc, som blei oppretta i 2015.
Namnet «Google» kjem frå det matematiske talordet for 10100, googol.
Innhaldsliste
HistorieEndra
Google blei grunnlagt i 1996 av Larry Page og Sergey Brin som eit forsøksprosjekt mens dei studerte til Ph.D. ved Stanford University, i Stanford i California.[1] Dei begynte då å utvikla ein søkjemotor kalla BackRub, som opererte på Stanford i eit år.
15. september 1997 blei Google.com registrert som eit domene, og det blei eit registrert selskap 4 september 1998.
I 2011 passerte Google 1 milliard unike brukarar som er ein økning på over 8 % fra mai i 2010.[2]
TenesterEndra
Nokre av tenestene frå Google er Google Earth, Gmail og Google Images.