Teatro di San Cassiano
Teatro San Cassiano (eller Teatro di San Cassiano og andre variantar) var det fyrste offentlege operahuset i verda, opna i 1637 i Venezia. Den fyrste omtalen av bygginga går tilbake til 1581.[1] Namnet det er best kjent under kjem frå parken der det var plassert, San Cassiano (heilage Kassian), i distriktet Santa Croce ikkje langt frå Rialto.
Teatro di San Cassiano | |||
| |||
Opna | 1637 | ||
---|---|---|---|
Teatro di San Cassiano 45°26′19″N 12°19′49″E / 45.438511111111°N 12.330369444444°E |
Teateret var eigd av den venetianske Tron-familien, og var det fyrste «offentlege» operahuset i den forstand at det var det fyrste som opna for eit betalande publikum. Fram til då hadde offentlege teater (dvs. dei som opererte på kommersielt grunnlag) berre sett opp tala teateroppføringar (commedie).[2][3] Fram til då hadde opera vore ei privat underhaldningsform somvar reservert for aristokratiet og hoffa. Teatro San Cassiano var dermed det fyrste offentlege teatret som sette opera på scenen og gjorde kunstsjangeren tilgjengeleg for eit breiare publikum.
Historie
endreI 1636 verker det som om brørne Tron (Ettore og Francesco, frå San Benetto-greina av familien) hadde meddelt til styresmaktene at dei akta å opna eit «Teater for musikk». Dei gjorde det dermed klart frå byrjinga at bygningen skulle fungera som eit operahus. Dette markerer i seg sjølv eit kritisk vendepunkt i operahistoria: eit teater bygd spesielt for å syna fram musikk på scena.
Det finst ingen bilde av teateret frå 1637, verken frå ut- eller av innsida. Det som er kjent om operahuset er at det opna i 1637 med framføringa av L'Andromeda av Francesco Manelli (musikk) og Benedetto Ferrari (libretto). Dedikasjonen, som er datert 6. mai 1637, spesifiserer at operaen «var fødd på scenen for to månader sidan».[4]
Etter framføringa av La maga fulminata (1638) av Francesco Manelli og Benedetto Ferrari, var Francesco Cavalli ein leiande person ved teateret og i Venezia frå 1639. Cavalli erblitt ein av dei mest studerte og betydelege operakomponistane frå 1600-talet, både fordi operaen hans er «kvalitativt relevante» og fordi dei er «blant dei få som er nok dokumenterte».[5] Le nozze di Teti e di Peleo (1639) blei den fyrste fullstendige operaen for Teatro San Cassiano. Denne blei følgd av Gli amori d'Apollo e di Dafne (1640), La Didone (1641), La virtù de' strali d'Amore (1642), L'Egisto (1643), L'Ormindo (1644), La Doriclea e Il Titone (1645), Giasone (1649), L'Orimonte (1650), Antioco (1658) og Elena (1659). Andre viktige komponistar, som var aktive ved Teatro San Cassiano på 1700-talet omfattar Pietro Andrea Ziani, Marc'Antonio Ziani, Antonio Gianettini og Tomaso Albinoni.
På 1700-talet hadde operaen eit langvarig samarbeid med Tomaso Albinoni; andre kjente komponistar som sette opera sine på Teatro San Cassiano i denne tida var Antonio Pollarolo, Francesco Gasparini, Carlo Francesco Pollarolo , Antonio Lotti, Gaetano Latilla og Baldassare Galuppi.[6]
Den siste kjende operasesongen var i 1798, då det blei sett opp to operaer: La sposa di stravagante temperamento (med musikk av Pietro Guglielmi)[7] og Gli umori contrari (musikk av Sebastiano Nasolini, libretto av Giovanni Bertati).
Teateret blei stengt for godt i 1805 av dei franske styresmaktene. Bygningen blei riven i 1812 for å gje plass til hus. Området Teatro San Cassiano låg på er blitt til Albrizzi-hagen.[8]
Kjelder
endre- ↑ Mancini, Franco; Povoledo, Elena; Muraro, Maria Teresa (1995). I Teatri del Veneto - Venezia. Tomo 1. Venice: Corbo e Fiore. s. 97–149.
- ↑ Mangini, Nicola (1974). I teatri di Venezia. Milan: Mursia. s. 35.
- ↑ Glixon, Beth L.; Glixon, Jonathan E. (2006). Inventing the Business of Opera. The Impresario and His World in Seventeenth-Century Venice. Oxford-New York: Oxford University Press. s. 8–9.
- ↑ L’Andromeda, Antonio Bariletti, Venice, 1637, p. 3.
- ↑ Staffieri, Gloria (2014). L'opera italiana. Dalle origini alle riforme del secolo dei Lumi (1590-1790). Rome: Carocci. s. 121.
- ↑ Mancini, Franco; Povoledo, Elena; Muraro, Maria Teresa (1995). I Teatri del Veneto - Venezia. Tomo 1. Venice: Corbo e Fiore. s. 144–147.
- ↑ Venice, Antonio Rosa [1798], p. 2 (unnumbered).
- ↑ Mancini, Franco; Povoledo, Elena; Muraro, Maria Teresa (1995). I Teatri del Veneto - Venezia. Tomo 1. Venezia: Corbo e Fiore. s. 105.
- Denne artikkelen bygger på «Teatro di San Cassiano» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2024.