Teesside

Teesside (utalt tiːsaɪd) er eit storbyområde i Nordaust-England rundt den eldre byen Middlesbrough. Det omfattar også dei mindre byane Billingham, Redcar, Stockton-on-Tees, Thornaby og andre busetjingar rundt elva Tees. Frå 1968 til 1974 var det eit eige administrativt område, County Borough of Teesside. Teesside er framleis eit viktig tungindustriområde, sjølv om talet på tilsette i næringa har gått ned. Tidlegare industriar som stålproduksjon (British Steel) og kjemisk industri (Imperial Chemical Industries, ICI) har i stor grad forsvunne og til ein viss grad blitt erstatta av høgteknologi, vitskapsutvikling og servicenæringar.

Teesside
tettstad
Tees Mouth - geograph.org.uk - 74878.jpg
Munningen av Tees, som Teesside ligg rundt.
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stat England
Region Nordaust-England
Koordinatar 54°35′20″N 1°11′15″W
Folketal 376 633

Teesside
54°35′30″ N 1°11′15″ W
Wikimedia Commons: Teesside

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra