Teignmouth
Teignmouth er ein by i grevskapet Devon i England. Han har kring 14 500 innbyggjarar. Han ligg på nordbreidda av munningen til elva Teign.
Teignmouth | ||
---|---|---|
Teignmouth | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Devon | |
Distrikt | Teignbridge | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
14 413 | |
Koordinatar | 50°33′N 3°29′W / 50.550°N 3.483°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TQ14 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1626 | |
I 1690 var byen den siste staden i England som vart invadert av ein fiendtleg styrke. Byen voks fram frå ei fiskehamn tilknytt torskeindustrien i Newfoundland til ein fasjonabel feriestad i georgtida og voks raskt då South Devon-jernbanen nådde byen i 1846.
Musikkgruppa Muse kjem frå Teignmouth.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Teignmouth» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.