Tejime
Tejime 手締め, også kalla teuchi 手打ち, er ein japansk rituell klappeskikk som blir brukt til å avslutta ulike samkomer. Klappinga finn ofte stad i lag med ein kort tale og entusiastiske utrop frå ein leiar.[1] Ein kan utføra tejime ved slutten av eit forretningsmøte, på auksjonar og børsar, ved ei høgtid eller eit festleg høve.[2] Seremonien kan avsluttast med ein applaus.
Former
endreDet finst ulike former for tejime, med ulike klappemønster:
- Itchō-jime (一丁締め), eit enkelt klapp
- Edo-tejime:
- Ippon-jime (一本締め), tre sett av tre raske klapp avslutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1).
- Sanbon-jime (三本締め), tre ippon-jime etter kvarandre, det vil seia tre sett av tre klapp avlsutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1 3-3-3-1 3-3-3-1).
Ein seremoni av sanbon-jime føregår slik:
- Ote wo haishaku (bokstaveleg 'lån av hendene')
- Iyō'o (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
- Arigatō gozaimashita (mange takk)
Ei anna form er Kansai-jime som føregår slik:
- Uchimahyo (klapp klapp)
- Mohitotsuse (klapp klapp)
- Iwaote sando (klapp klapp klapp, klapp, klapp, klapp, klapp, klapp klapp)
Andre former er mellom anna Ōsaka-jime (大阪締め) og Hakata te ippon (博多手一本), som blir utført ved Hakata-Gion Yamakasa-festivalen i Fukuoka.
Kjelder
endre- ↑ «Tejima». Nihon Kokugo Daijiten (日本国語大辞典 “Large Dictionary of the Japanese Language”) (på japansk). Tokyo: Netto Adobansusha. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012.
- ↑ «Tejime». Puroguresshibu Waei Chūjiten (プログレッシブ和英中辞典 “Progressive Japanese-English Dictionary”) (på japansk). Tokyo: Shogakukan. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012.
- Hisashi Furuichi, Dinner Parties and Other Festivities
- Business in Japan, kanaday.com
- Tejime: Japanese Ceremonial Hand Clapping Culture, Japan Info
- Denne artikkelen bygger på «Tejime» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- A Japanese tradition tejime(How to do tejime). Instruksjonar og filmar.
- Izakaya with Nadia Arkivert 2016-03-27 ved Wayback Machine.. Reportasje frå eit japansk barbesøk avslutta med tejime.