{{{2}}}

Kultur (frå latin cultura som igjen kjem frå colere, som betyr å dyrke, foredle eller kultivere) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskeleg aktivitet og dei symbolske strukturane som gjev slik aktivitet meining. Ulike definisjonar av «kultur» viser til ulik teoretisk forståing, eller kriterier for undersøking, av kultur. Omgrepet er i moderne tid vanskeleg å definere fordi det blir brukt i veldig mange samanhengar på veldig ulike måtar.

Underhalding er ei handling eller ein opptreden som har som hovudmål å fanga merksemd og mora dei som ser på eller er med. Ulike typar framføringar (konsertar o.l.), spel, leikar, festar og reiser er døme på underhalding.